– Vi må gjere det vanskelegare å drive useriøst og enklare å velje seriøse aktørar. Dei nye reglane skal bidra til at fleire følgjer krava om HMS-kort, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng. 

Stortinget har vedteke ein ny lovheimel som gjer det mogleg å fastsetje forskrifter om oppdragsgivaransvar for å sikre at reglane om HMS-kort blir overhaldne. Lovendringa trer i kraft 1. juli. Det blir no arbeidd med å innføre eit slikt oppdragsgjevaransvar i varetransportbransjen, men det vil også kunne vere aktuelt å innføre det i fleire bransjar der det allereie finst ei HMS-kortordning.

Viktig verkemiddel mot arbeidslivskriminalitet

Reglane om HMS-kort gjeld i dag i bygg- og anleggsbransjen, reinhald, bilpleie, hjulskift og hjullagring. Frå 1. januar i år blei ordninga også innført i varetransportbransjen.

– Arbeidslivskriminalitet og sosial dumping undergrev den norske arbeidslivsmodellen og skaper utrygge forhold for arbeidstakarar. Derfor må vi bruke fleire verkemiddel samtidig. Oppdragsgivarar kan spele ei viktig rolle ved å velje seriøse leverandørar og bidra til at regelverket blir følgt, seier Stenseng.

Den nye lovheimelen gjer det mogleg å fastsetje forskrifter om oppdragsgivaransvar. Målet er å styrkje etterlevinga av HMS-kortordningane og bidra til meir rettferdige konkurransevilkår i arbeidslivet.

– HMS-korta er eit viktig verkemiddel for å få oversikt over kven som arbeider og kven som er arbeidsgivar. Når fleire tek ansvar for å kontrollere at reglane blir følgde, styrkjer vi kampen mot arbeidslivskriminalitet, seier Stenseng.

Fakta

  • Stortinget har vedteke ein lovheimel som gjer det mogleg å fastsetje forskrifter om oppdragsgivaransvar knytt til HMS-kort.
  • Reglane trer i kraft 1. juli 2026.
  • Endringa følgjer opp regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
  • HMS-kort er påbode i bygg- og anleggsbransjen, reinhald, bilpleie, hjulskift og hjullagring, og i varetransportbransjen.