Revidert nasjonalbudsjett

Fleire kommunar skal få skulemiljøteam

Arbeidarparti-regjeringa foreslår å auke tilskota til skulemiljøteam med 10 millionar kroner slik at endå fleire kommunar kan bli med i ordninga. Auken som regjeringa no foreslår, inneber at 55 millionar kroner vil gå til kommunale skulemiljøteam i 2025.

– I år har regjeringa meir en tredobla midlane til arbeidet med betre skulemiljø. Vi veit at dårleg skulemiljø går utover både læring og trivsel. No vil enda fleire skular få hjelp til å handtere vanskelege skulemiljøsaker, men også hjelp til å jobbe førebyggande, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

I 2024 oppretta regjeringa ei ordning slik at kommunar kan søke om tilskot til å etablere eller styrke kommunale skulemiljøteam. Skulemiljøteama skal gi ekstra tett oppfølging og sikre raskare og betre innsats til skular som har særlege utfordringar med skulemiljøet og bidra til å førebygge mobbing. Skulemiljøteam kan òg ha barnehagar som målgruppe, slik at det forebyggande arbeidet kan starte allereie der.

– Regjeringa tek utfordringane med skulemiljø på alvor. Å sikre elevane eit trygt og godt skulemiljø er ein av dei grunnleggande oppgåvene til skulen. Likevel veit vi at mange skular står i utfordringar som det er krevjande å løyse åleine, seier Nordtun.

Stor interesse for skulemiljøteam

I 2024 søkte 123 kommunar om tilskot til skulemiljøteam og 23 kommunar fekk midlar. I år er det 168 kommunar som har søkt. Utdanningsdirektoratet har enno ikkje ferdigbehandla desse søknadene.

– Dette tyder på at regjeringa har treft eit behov i skulen. Regjeringa har sett i gang ei rekke tiltak for betre skulemiljø. Skulemiljøteam handlar om å styrke kompetansen og støtta til skular med skulemiljøutfordringar og sikre at elevane får det betre, seier Nordtun.

Regjeringa sine tiltak for betre barnehage- og skulemiljø

  • Regjeringa har prioritert midlar til ei tilskotsordning slik at kommunar kan opprette skulemiljøteam. I 2025 er denne ordninga styrka frå 15 millionar til 55 millionar kroner.
  • Regjeringa har varsla ei ny skulemiljøundersøking med mål om å gi skular og kommunar betre informasjon om skulemiljøet, og ein strategi for betre barnehage- og skulemiljø som skal gi betre oversikt og støtte i arbeidet.
  • I ny opplæringslov er det gjort fleire justeringar for å klargjere korleis reglane om skulemiljø skal forståast og praktiserast. Det er også gjort tydeleg i opplæringslova at tilsette kan gripe inn fysisk i situasjonar når det må til for å hindre skade på elevar, tilsette eller skulen. Regjeringa har også fremja lovforslag til Stortinget om å utvide tilgangen til å gripe inn fysisk der ein elev krenker ein person psykisk eller vesentleg forstyrrar opplæringa til andre elevar.
  • Vi veit at mobilen kan brukast til mobbing. Regjeringa har kome med mobiltilrådingar i skulen og no har nesten alle grunnskular innført restriksjonar på mobilbruk.
  • Regjeringa har utvida læringsmiljøprosjektet slik at fleire barnehagar og skular kan få hjelp og støtte. Læringsmiljøprosjektet er ei ordning der dei som slit med barnehage- og skulemiljøet kan få støtte og rettleiing av fagfolk over tid.
  • Regjeringa har lansert ein tiltakspakke som skal styrke arbeidet til skulen med førebygging og oppfølging av urovekkande skulefråvær, som ein del av stortingsmeldinga «Ein meir praktisk skule».