Statsbudsjettet 2018:

Styrker arbeidet med tidleg innsats i barnehagen og skolen

Regjeringa foreslår ein auke på 100 millionar kroner til tidleg innsats i barnehagen og skolen. Ho vil også gi kommunane 200 millionar kroner gjennom dei frie inntektene til arbeidet med tidleg innsats.

– Etter fire år med borgarleg styre er norsk skole på rett veg. Elevane lærer meir, er meir til stades, og fleire fullfører vidaregåande opplæring. Men framleis er det mange elevar som ligg på eit kritisk lågt nivå i lese- og reknedugleikar, seier kunnskapsminister Henrik Asheim.

I dag går mellom 15 og 20 prosent av elevane ut av vidaregåande opplæring med så svake dugleikar at dei vil slite i vidare utdanning og i arbeidslivet, og dei risikerer å falle utanfor. Derfor er tidleg innsats regjeringas store satsing på utdanningsfeltet i 2018-budsjettet. 

40 millionar til fleire lærarspesialistar
Regjeringa vil styrke satsinga på lærarspesialistar med 40 millionar kroner. Ordninga med lærarspesialistar skal bidra til at dyktige lærarar får moglegheit til profesjonell vidareutvikling, samstundes som dei held fram med arbeidet i klasserommet. Spesialistane skal bidra til å utvikle kvaliteten på undervisninga på dei skolane der dei arbeider, slik at elevane lærer meir.

– Vi vil ha fleire lærarspesialistar i skolen, og for første gong skal vi ha lærarspesialistar i begynnaropplæringa for 1. til 4. klasse. Det vil styrke arbeidet i skolen med å følge opp dei yngste elevane, slik at fleire kan lære å lese og rekne tidlegare, seier Asheim.

Regjeringa foreslår også 15 millionar kroner til å utvide tilskottsordninga for auka leselyst. Det gir organisasjonar og kommunar høve til å søke om pengar til utvikling av skole- og folkebibliotek.

40 millionar til tiltak i barnehagen
Regjeringa foreslår 20 millionar kroner til ei tilskottsordning for å styrke arbeidet i kommunane med å få fleire minoritetsspråklege barn til å gå i barnehage. Regjeringa foreslår også 20 millionar kroner til å innføre ei plikt til samarbeid mellom barnehage- og skoleeigarane i kommunane.

– Tidleg innsats startar allereie i barnehagen. Der utviklar barna språket og vennskap. Derfor vil vi at fleire minoritetsspråklege barn går i barnehage, og at skolane er kjente med kva for erfaringar barna har med seg. Da får dei ein god start på skolegangen, seier kunnskapsministeren.