– Villreinen treng samanhengande leveområde. Derfor må vi redusere ferdselen i området slik at villreinen kan ta i bruk den tidlegare trekkvegen forbi Spranget. Det skal framleis være mogleg å sykle på strekninga inn til Rondvassbu i den mest besøkte perioden av året, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.

Regjeringa sitt vedtak følger opp tiltaket om vegen frå Reinsbommen og opp til Spranget og parkeringsplassen på Spranget i tiltaksplanen for Rondane villreinområde.

90 prosent av all europeisk villrein er i Noreg. Villreinen er under sterkt press, og vi har derfor eit særskilt internasjonalt ansvar for å ta vare på han. Skal villreinen klare å overleve, må han ha større område med mindre forstyrringar å leve på.

Viktig trekkveg skal gjenopprettast

Menneskelege inngrep og ferdsel er mange stader ei stor utfordring for villreinen. Ved Spranget har det over tid oppstått ei barriere for villreinens tidlegare trekkrute. Skal forholda for villreinen i Rondane bli betre, må ferdselen i større grad skje utanfor villreinens viktige trekk- og leveområde.

Vernevedtaket inneber:

  • 1,26 km² av Frydalen landskapsvernområde mellom Reinsbommen og Spranget blir innlemma i Rondane nasjonalpark.
  • Forbod mot å køyre frå Reinsbommen til Spranget. Derfor blir det ikkje lenger mogleg å parkere på Spranget.
  • Forbod mot å køyre med hundespann, hestekøyretøy og ri på strekninga mellom Reinsbommen og Rondvassbu.
  • Forbod mot kite og skiseil i nasjonalparken.
  • Sykling på strekninga mellom Reinsbommen og Rondvassbu blir tillate i perioden frå og med 25. juni til og med 25. august. Det er ikkje tillate med elsykkel.

Stadutvikling på Mysusæter

Parkering for besøkande til området må framover skje på Mysusæter, der det allereie er mogleg å parkere.

Det skjer samstundes eit eige stadutviklingsprosjekt på Mysusæter. Prosjektet skal bidra til ei heilskapleg utvikling av området og sjå på parkeringsløysingar og alternative tilbod til besøkande.

Sel kommune er prosjekteigar for stadutviklingsarbeidet, med ein egen prosjektleiar finansiert av staten.