Fastsetting av forskrifter om endring av forskrifter om vern av Rondane nasjonalpark og Frydalen landskapsvernområde
Kongeleg resolusjon | Dato: 16.10.2026 | Klima- og miljødepartementet
Nr: 26/5125
Klima- og miljødepartementet legg med dette fram forslag om fastsetting av forskrifter om endring av forskrifter om vern av Rondane nasjonalpark og Frydalen landskapsvernområde.
Forslaget inneber at 1,26 km2 av Frydalen landskapsvernområde i Sel kommune blir innlemma i Rondane nasjonalpark. Forslaget omfattar òg endringar i føresegnene om verneformål og ferdsel i forskrifta for nasjonalparken.