Statsbudsjettet:

Styrking av Arkivverket

Arkivverket skal sette i verk ein ny strategi med tilhøyrande organisasjonsstruktur. Det er lagt inn ein auke i løyvinga på 2 millionar kroner til dette arbeidet.

Digital dokumentasjonsforvaltning stiller Arkivverket overfor nye utfordringar og moglegheiter. For å møte utfordringane på ein ressurseffektiv måte, har Arkivverket sett i gang strategiarbeidet Arkivverket 2020. Målet er betre tilgang til arkivmateriale og ein framtidsretta og effektiv organisasjon med betre styring av verksemda.

- Arkivverket vil bli ein betre ressurs for dokumentasjon av rettar, og gje auka kunnskap og danning for den enkelte, seier kulturminister Thorhild Widvey.