Styrkjer innsatsen mot arbeidslivskriminalitet

Regjeringa foreslår å styrkje innsatsen mot arbeidslivskriminalitet med 20 millionar kroner for meir effektivt å stoppe dei kriminelle aktørane.

– Arbeidslivskriminaliteten truar tilsette og verksemder i det seriøse arbeidslivet og fører til unndraging av skattar og avgifter. Regjeringa har fått i stand eit breitt og forpliktande samarbeid mellom offentlege etatar. No styrkjer vi deira felles innsats mot kriminalitet i arbeidslivet, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Som eit viktig tiltak i regjeringa sin strategi mot arbeidslivskriminalitet er det oppretta sju a-krimsenter der Arbeidstilsynet, NAV kontroll, Skatteetaten og politiet samarbeider tett. Dette gir resultat og fører til at fleire av dei kriminelle aktørane blir stansa. Samtidig rapporterer etatane at arbeidslivskriminaliteten er blitt meir krevjande å kjempa mot.

Regjeringa foreslår å auke kapasiteten på a-krimsentera og dermed intensivere jakta på dei som driv ulovleg.

Til toppen