Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Revidert nasjonalbudsjett 2019

Styrkjer vedlikehaldsinnsatsen og framskundar fleire viktige prosjekt på jernbanen

Regjeringa foreslår å omdisponere om lag ein halv milliard kroner frå planlegging av jernbaneinfrastruktur til vedlikehald og investeringar, hovudsakeleg på jernbanen. Midlane skal gå til å framskunde planlegging av jernbaneinvesteringar, auka vedlikehald av jernbanen og ei mellombels støtteordning til godstransport på jernbane.

Regjeringa foreslår å omdisponere 511 millionar kroner til følgjande tiltak:

  • 250 millionar kroner til å auke vedlikehaldet av jernbanen, primært mellom Lillestrøm og Asker. Tiltaket skal styrkje innsatsen for å redusere signalfeil, auke regulariteten og gjere togtrafikken meir punktleg.
  • 60 millionar kroner til ei mellombels støtteordning over tre år for å styrkje konkurranseevna til godstransport på jernbane (sjå eiga pressemelding)
  • 201 millionar kroner til å framskynde viktige investeringstiltak på jernbane og riksveg, mellom anna ombygging av Nittedal stasjon, kryssingsspor parkeringsanlegg for tog.

- Jernbanestrekninga Asker-Lillestrøm er den mest trafikkerte i Noreg og påverkar 80 prosent av toga i heile landet. Om lag ein tredel av toginnstillingane i 2018 oppsto på strekninga Lillestrøm-Drammen. Å redusere feil i infrastrukturen i hovudstadsområdet er derfor svært viktig, seier samferdselsministeren.  

Framleis mogleg med anleggsstart på Ringeriksbanen i 2021/22

På grunn av revidering av reguleringsplanen for Ringeriksbanen og E16 Høgkastet - Hønefoss etter ei ny, avgrensa høyringsrunde, har planprosessen tatt noko lengre tid enn det som tidlegare har vore lagt til grunn for fellesprosjektet.

Som følgje av forseinkingane i planprosessen er behovet for pengar til Ringeriksbanen og E16 Høgkastet-Hønefoss i år redusert med om lag 625 millionar kroner frå løyvinga på 1 016 millionar kroner i statsbudsjettet for 2019. I tillegg til omdisponeringane til vedlikehald, støtteordning for gods og framskunda investeringar, foreslår regjeringa å bruke 114 av dei 625 millionar kronene på å framskunde planlegging av andre jernbaneinvesteringar.

- Ringeriksbanen har høg prioritet for regjeringa og prosjektet får framleis dei midlane dei treng i 2019. Når strekninga mellom Sandvika og Hønefoss står ferdig, vil togtilbodet mellom Oslo og Ringerike og vidare til Bergen bli mykje betre enn i dag, med nær ein time kortare reisetid og mange fleire avgangar. Sjølv om planprosessen er litt forseinka, vil det ikkje påverke moglegheita for anleggsstart på Ringeriksbanen i 2021/2022, seier samferdselsminister Jon Georg Dale. 

Til toppen