Statsbudsjettet 2017:

Styrkt satsing på tryggleik og beredskap i ekomsektoren

– Elektronisk kommunikasjon har ein vesentleg plass i samfunnet vårt og kjem til å ha ei endå viktigare rolle i framtida, mellom anna i arbeidslivet. Fleire samfunnskritiske tenester blir i dag tilbydde gjennom elektronisk kommunikasjon. Det er difor særs viktig for regjeringa at både kommunikasjonen og infrastrukturen er tilgjengeleg for heile befolkninga, og stabil, trygg og sikra mot uvedkommande, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Arbeidet med auka tryggleik har høg prioritet. Regjeringa har vald å prioritere 7,5 millionar nye kroner til Nkom CSIRT, eit nytt operativt miljø for handtering av cyberhendingar i ekomsektoren hos Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Frå sommaren 2017 skal det vere fullt operativt.

- Cybertrusslar, meir ekstremvær og det faktum at ekom blir stadig viktigare, gir behov for fleire tiltak. Vi meiner difor at det er riktig å auke satsinga på tryggleik og beredskap i ekomsektoren, seier samferdselsministeren.  

Vidarefører tilskotsordning for teletryggleik og beredskap
I tillegg går regjeringa inn for å vidareføre arbeidet med å gjere ekomnetta meir robuste. Innanfor den foreslåtte løyvinga til Nkom, går regjeringa inn for å setje av vel 80 millionar kroner i tilskot til teletryggleik og beredskap. Dette er om lag ei vidareføring av nivået i vedtatt budsjett 2016.  

Betre breiband til fleire
- Regjeringa har ambisiøse mål for breibandsdekning. Vi vil at heile befolkninga skal bli kobla opp mot det digitale samfunn, og har som mål at 90 prosent av husstandane skal ha tilbod om breiband med 100 Mbit/s i 2020. No er vi på 78 prosent og med gledeleg høg vekstrate, seier Solvik-Olsen.    

Breibandutbygginga blir i utgangspunktet gjennomført av kommersielle aktørar. Desse byggjer ut breiband og ekomnett i høgt tempo. Alt i alt var investeringane til dei kommersielle tilbydarane i ekom (fast og mobil) på 8,5 milliardar kroner i 2015, ein auke på 10 prosent frå året før.

- Regjeringa vil leggje til rette for at innbyggjarar over heile av landet skal kunne ta del i den digitale utviklinga. Vi gir mellom anna tilskotsmidlar gjennom ei ordning som Nkom administrerer. Tilskota for perioden 2014-2016 gjer at nær 30 000 husstandar får nytt eller forbetra breibandstilbod, seier samferdselsministeren.

Det viktigaste grepet for å sikre god dekning er å leggje til rette for til låge utbyggingskostnader for bransjen. Fleire prosessar er i gang. Regjeringa foreslår samstundes å vidareføre ordninga med tilskot til breibandutbygging for å auke kapasiteten og betre dekninga i område der kommersielle aktørar ikkje finn det lønnsamt å byggje ut. Regjeringa set av 93,7 millionar kroner i tilskot til breibandutbygging innanfor den foreslåtte løyvinga til Nkom.

- Vi må finne ein god balanse mellom å utløyse investeringar som marknadsaktørane ikkje finn kommersielt interessante, samstundes som vi ikkje må bidra til at aktørar utset gode prosjekt i håp om å tvinge fram støtte frå staten. Investeringstakten hos private aktørar har vore aukande, og vi har derfor foreslått ein forsiktig reduksjon i nivået på den statlege løyvinga til breibandtilskot, seier samferdselsministeren.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Til Nkom foreslår regjeringa 371 millionar kroner. Midlane omfattar til drift av tilsynet med sektorane for post og elektronisk kommunikasjon, Nkom CSIRT og tilskotsordningane for høvesvis teletryggleik og breiband.  

 

For fleire opplysningar – sjå: