Svar på spørsmål nr. 2214 til skriftleg svar om endring av Naturskadeordninga frå stortingsrepresentant Morten Wold

Eg viser til spørsmål nr. 2214 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Morten Wold:

«Vil statsråden sørge for at Naturskadeordningen endres slik at det kan betales ut a-konto beløp til reiselivsnæringsbedrifter som ble rammet av uværet «Hans» inntil sakene er endelig ferdigbehandlet i Landbruksdirektoratet?»

Etter uvêret «Hans» fekk Landbruksdirektoratet inn rundt 2 000 søknader om naturskadeerstatning, noko som er ein unormal stor pågang av saker. Omkring halvparten av desse er no handsama.

Utgangspunktet i naturskadesaker er at skadebot vert utbetala når skadelidaren kan dokumentera at oppretting har skjedd. Det fylgjer av naturskadeerstatningslova § 14 fyrste ledd fyrste punktum. Skadebot kan og verte utbetala på forskot etter at det er fatta vedtak om skadebot, jf. naturskadeerstatningslova § 14 andre ledd og naturskadeerstatningsforskrifta § 16 fyrste ledd. Regelverket opnar ikkje for at skadebot kan verte betala ut a-konto før Landbruksdirektoratet har fatta vedtak i saka.

Det ligg ikkje føre planar om å endra naturskadeerstatningslova.

Med helsing

Geir Pollestad