Svar på spørsmål om regjeringa vil krevje at Israel stansar fordrivinga av sivile palestinarar

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på spørsmål frå Bjørnar Moxnes (R) om regjeringa vil krevje at Israel stansar bombinga og fordrivinga av sivile palestinarar, hevar blokaden av Gaza og avstår frå bakkeinvasjon.

Skriftleg spørsmål nr. 122 (2023-2024)
Datert 13.10.2023

Frå representanten Moxnes (R) til utanriksministeren:

Vil regjeringen kreve at Israel stanser bombingen og fordrivelsen av sivile palestinere, hever blokaden av Gaza og avstår fra bakkeinvasjon, og hva blir i så fall konsekvensene for Israel fra norsk side om ikke kravene overholdes?

Svaret frå utanriksministeren:

Hamas grufulle terrorangrep 7. oktober er det verste angrepet mot Israel i landets historie. I denne situasjonen har Israel eit klart grunnlag i folkeretten for å forsvare seg. Alle sjølvforsvarshandlingar må likevel vere nødvendige og forholdsmessige, og alle militære operasjonar må òg utførast i samsvar med humanitærretten. Sivile må vernast.

Dette betyr mellom anna at militære angrep må skilje mellom sivilbefolkninga og militære mål, og at sjølv angrep mot militære mål er forbode etter humanitærretten dersom sivile blir ramma uforholdsmessig.

Ifølgje reglane i humanitærretten må vidare alle praktisk moglege tiltak for å forhindre eller redusere sivile tap og skadar blir sette i verk. Skular, sjukehus, sivile heimar, vass- og straumforsyning og annan kritisk sivil infrastruktur må vernast. Sjuke og såra må få nødvendig pleie, uansett kva side dei tilhøyrar.

Eg vil understreke at forpliktingane til humanitærretten til å verne sivilbefolkninga i Gaza òg kviler på Hamas, og at sivilbefolkninga aldri, under nokre omstende, må brukast som menneskelege skjold.

Vi må gjere alt vi kan for å stanse dette blodbadet og hinder ei regional opptrapping. Statsministeren og eg har begge tett kontakt med sentrale aktørar i regionen om dette. Leiarskap frå landa i regionen er viktig.