Sylvia Brustad ny styreleiar i Norsk Tipping

– Vi jobbar systematisk for å sikre ein ansvarleg pengespelpolitikk. Vi må førebygge negative konsekvensar av pengespel og unngå at nordmenn får store personlege og økonomiske problem. Norsk Tipping har ei stor og viktig rolle i dette arbeidet og vi er veldig glade for at Sylvia Brustad har takka ja til å ta på seg styreleiarvervet i Norsk Tipping.

I generalforsamlinga i Norsk Tipping er Sylvia Brustad vald til ny styreleiar og Kristin Ward Heimdal blir nytt styremedlem.

– Det er få i Noreg som har den politiske tyngda og leiarkompetansen som Brustad har og vi er trygge på at Brustad vil bidra til at selskapet kan fortsette å beskytte sårbare spelarar og samstundes sikre at mest mogleg av overskotet frå pengespel i Noreg kan komme heile samfunnet til gode, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

– Samstundes vil vi takke Linda Bernander Silseth for innsatsen gjennom åtte år som styreleiar. Ho overlèt eit selskap i god stand og som har nådd høge mål, både når det gjeld å levere ansvarlege spel og effektiv drift slik at mest mogleg av overskotet kan gå til gode føremål, seier kultur- og likestillingsministeren.

– Kristin Ward Heimdal har ein spennande bakgrunn mellom anna frå mediebransjen, med brei kompetanse innafor strategiutvikling og digital merkevarebygging. Ho vil bli eit verdifullt tilskot til styrearbeidet i Norsk Tipping, og vi er glade for at ho vil gå inn som styremedlem. Vi vil òg takke Per Øivind Skard for innsatsen. Han trer no ut av styret etter tre år, seier Trettebergstuen. 

Sylvia Kristin Brustad (1966, Oslo/Hamar) er tidlegare stortingsrepresentant (Ap) og statsråd i fire departement. Hun har tidlegare vore fylkesmann i Hedmark, direktør i Aker Kværner Holding og direktør i Spekter Helse. I dag er ho styreleiar, partner og eigar i Arnstad-Lystad-Brustad AS og Brustad Utvikling AS.

Kristin Ward Heimdal (1991, Oslo) er leiar i PodMe i Noreg og har bakgrunn frå strategiarbeid i Schibsteds nyheitsdivisjon, News Media og frå Accenture.