Tek imot rapporten frå Generalistkommuneutvalget

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Onsdag 29. mars tek kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik imot utgreiinga frå Generalistkommuneutvalget. Overrekkinga er open for pressen og vil også bli strømma direkte.

Nett-tv Kommunal- og distriktsministeren tek imot utgreiinga frå Generalistkommuneutvalget

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Generalistkommuneutvalget vart satt ned i 2020, og fekk i oppdrag å gjere ei brei kartlegging av dagens generalistkommunesystem og vurdere alternativ til dagens system.

Utvalget har no ferdigstilt arbeidet sitt, og vil overrekke rapporten til statsråden.

  • Tid: onsdag 29. mars klokka 10-11
  • Stad: Auditoriet, Akersgata 59

Pressen er velkommen til å delta på overrekkinga, som òg blir strømma direkte på regjeringen.no.

Dei som kjem fysisk, må sende ein e-post til ke@kdd.dep.no eller ringe telefonnumemr 22 24 25 00.

Strøyming:
Rapportoverleveringen blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende rapportoverleveringen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.