Utval har vurdert generalistkommunesystemet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Generalistkommuneutvalet har gjort ein heilskapleg gjennomgang av generalistkommunesystemet, og kjem i dag med si vurdering av systemet og forslag til endringar.

Utvalet fekk i oppdrag å gi eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag om det norske generalistkommunesystemet sin verkemåte, og utviklinga av systemet i den seinare tid.

Utvalet har drøfta føresetnadene kommunane har for å kunne vere ein generalistkommune i velferdssamfunnet i dag og i framtida, Dei har sett på grunnlaget for å ha eit generalistkommunesystem og kva for alternativ som finst. Utvalet vil halde fast på generalistkommunesystemet. Utvalet vil redusere graden av statleg detaljstyring og peikar på at interkommunalt samarbeid og eit omfordelande inntektssystem er avgjerande for å halde oppe generalistkommunesystemet. Utvalet meiner lokalt handlingsrom er naudsynt for å kunne tilpasse tenestetilbod og oppgåver til lokale tilhøve, og for å utvikle innovative løysingar på utfordringane kommunane står overfor.

− Eg ser fram til å setje meg inn i utvalet sine tilrådingar. Eg merkar meg at utvalet vil halde fast ved generalistkommunesystemet og redusere statleg detaljstyring, samstundes som dei peikar på interkommunalt samarbeid og eit omfordelande inntektssystem.  Regjeringa vil legge til rette for auka kommunalt sjølvstyre med større grad av innovasjon og samarbeid mellom kommunane, bruke inntektssystemet til å utjamne økonomiske forskjellar mellom kommunane og sikre at forholdet mellom inntekter og faktiske oppgåver samsvarar betre, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Generalistkommunesystemet

Dei norske kommunane har ein sentral plass i den offentlege forvaltninga og i gjennomføring av velferdspolitikken. Ansvaret og oppgåvene til kommunane har auka i  heile etterkrigstida.

Generalistkommuneprinsippet er eit viktig kjenneteikn ved det norske kommunesystemet. Det inneber at alle kommunar er regulert av dei same lovene.

Kommunane er i dag svært forskjellige når det gjeld mellom anna innbyggartal, befolkningsutvikling, avstandar og sentralitet. Samstundes skal kommunesektoren møte ulike utfordringar i åra framover, mellom anna som fylgje av sentralisering og demografiske endringar. Utvalet er delt i synet på kommunesamanslåing som verkemiddel Fleirtalet vil føre ein aktiv politikk for å få større kommunar, medan mindretalet er ueinig.

- Kommunane har ulike føresetnader for korleis dei skal fylgje opp dei oppgåvene dei sit med ansvar for og må sjølv finne ut korleis dei best kan utvikle seg for framtida. Vi må heile tida sjå korleis vi kan legge til rette for ei positiv utvikling i kommunane i heile Noreg, men å presse kommunane til samanslåing er ikkje ei løysing på utfordringane som fylgjer av sentralisering eller demografiske endringar, seier Gjelsvik.

Breitt samansett utval

Generalistkommuneutvalet vart oppnemnd av Regjeringa Solberg i november 2020. Utvalet består av fjorten medlemmar, frå kommunesektoren, statsforvaltarane, akademia, KS og Fagforbundet.

Utvalet har no overlevert si vurdering av stoda i generalistkommunane, der dei peiker på utfordringar med dagens system og kjem med tilrådingar til korleis regjeringa bør følgje opp.