Ukrainsk soldat under opptrening i Storbritannia
Ukraina er heilt avhengig av den militære støtta frå allierte og partnerland for å kunna halda fram motstandskampen sin. Foto: Hermine Heier / Forsvaret

Ukraina er heilt avhengig av den militære støtta frå allierte og partnerland for å kunna halda fram motstandskampen sin. Stortinget vedtok i april i år ein ekstraordinær auke av ramma for den militære støtta til Ukraina på 50 mrd. kroner.

Midlane skal gå uavkorta til kjøp frå ukrainsk industri og internasjonale finansieringsmekanismar. Den samla ramma for militær støtte til Ukraina er 72,5 mrd. kroner i 2025.

Dei føreslåtte endringane inneber omdisponering av om lag 10,9 milliardar kroner frå støtte til ukrainsk industri til bidrag gjennom internasjonale finansieringsmekanismar. Dette kan til dømes vere initiativ for anskaffingar av ammunisjon og materiell gjennom NATO og nære allierte som USA, Storbritannia, Tyskland, Danmark og Tsjekkia. Slik støtte er noko av det Ukraina etterspør aller mest.

Endringane inneber inga auke i Nansen-midlane for 2025.

Midlar direkte til ukrainsk industri har i fleire tilfelle vist seg å ta lenger tid å utbetala enn forventa, mellom anna på grunn av behov for kontrollmekanismar i Noreg og Ukraina og juridiske avklaringar på ukrainsk side. Dette er krevjande og Noreg gjer dette for fyste gong. Det har difor vore nødvendig å få ein solid metodikk på plass.

I tillegg har enkelte av innovasjonsprosjekta lågare omsetnad i starten, medan dei store kostnadane kjem når produksjonen vert skalert opp. Dette er prosjekt som er i gang, men utbetalingane kjem ikkje før etter nyttår.

– Difor framskyndar vi andre planlagde leveransar frå 2026, slik at vi kan oppretthalda leveransar av militært materiell Ukraina treng i motstandskampen no, gjennom ei teknisk omdisponering i omgrupperinga. Dette gjer at vi kan gi tilskot direkte til internasjonale ordningar der vi har gode erfaringar med raske og høgt prioriterte leveransar. Særleg vil vi søkja å skaffe meir luftvern og artilleri raskt, i tråd med klare behov og bestillingar frå ukrainske styresmakter, seier Sandvik.

Å kjøpa materiell direkte frå ukrainsk industri er eit nybrottsarbeid som også inneber risiko. Regjeringa vurderer at Noreg vil ta ein enno større risiko om vi ikkje støttar Ukraina sin forsvarskamp.

Fakta om saken:

Regjeringa foreslår å omdisponera om lag 10,9 mrd. kroner frå  posten for investeringar til posten for tilskot for å kunna nytta ein større del av midlane Stortinget har løyvd gjennom internasjonale finansieringsmekanismar. Midlane vil kunna nyttast til å finansiera militært materiell for å støtta Ukraina i møte med den russiske angrepskrigen.

Omsetningsevne i 2025 er ein risiko som gjeld den militære delen av Nansen-programmet samla sett. Auken av løyvinga som kan nyttast til internasjonale finansieringsmekanismar søkjer å dempa risiko for at støtta vert ikkje kjem fram i tide grunna forseinka utbetalingar.