Arbeidarparti-regjeringa foreslår no å auka tilsegna om tilskot til rehabilitering og modernisering av teaterbygget med 76,9 millionar kroner. Staten har tidlegare påtatt seg fullfinansieringa av prosjektet, og har fra før gitt tilsegn om tilskot på 708,4 millionar kroner til prosjektet frå tilskotsordninga for Nasjonale kulturbygg.

Arbeida i den freda bygninga er godt i gang, men i riveprosessen vart det avdekt forhold som det ikkje var mogleg å føresjå i prosjekteringsfasen. Det er funne asbest i eit mykje større omfang enn kartlagt i miljøundersøkingane, forutan omfattande fukt- og konstruksjonsskadar. Det er også avdekt uventa grunnforhold. I tillegg er det gjort funn av originale tapet med meir som har utløyst krav om tilbakeføring til den opphavlege utsjånaden til flatene.

Den totale statlege løyvinga til dette moderniseringsprosjektet er dermed 785,3 millionar kroner. Staten har samla bidradd med totalt 886,3 millionar kroner til oppgradering av teaterbygget dei siste åra.

Den Nationale Scene i Bergen er eit av tre nasjonale teater i landet.