Tilrår ikkje ekstraordinære uttak av villrein på Hardangervidda

Mattilsynet og Miljødirektoratet er samde i si tilråding til departementa. Saman med innspel frå lokal forvaltning og folkevalde legg tilråinga eit godt fagleg grunnlag for vidare handtering av skrantesjuke hos villrein på Hardangervidda.

Landbruks- og matminister Sandra Borch og statssekretær Aleksander Øren Heen fekk tysdag overlevert tilråding om handtering av skrantesjuke hos villrein på Hardangervidda frå administrerande direktør Ingunn Midttun Godal i Mattilsynet (til høgre) og avdelingsdirektør Ivar Myklebust i Miljødirektoratet og direktør Morten Kjørstad i Statens naturoppsyn (helt til venstre).
Landbruks- og matminister Sandra Borch og statssekretær Aleksander Øren Heen fekk tysdag overlevert tilråding om handtering av skrantesjuke hos villrein på Hardangervidda frå administrerande direktør Ingunn Midttun Godal i Mattilsynet (til høgre) og avdelingsdirektør Ivar Myklebust i Miljødirektoratet og direktør Morten Kjørstad i Statens naturoppsyn (helt til venstre). Foto: Klima- og miljødepartementet.

– Det er ein styrke at Mattilsynet og Miljødirektoratet kom fram til ein samla tilråding. Vi skal nå ha møter med den lokale forvaltninga og dei lokale ordførarane for å høyre deira syn på saka, før vi fattar ei endeleg avgjerd, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

Villrein skal takast vare på

Noreg har eit internasjonalt ansvar for å sikre den siste resten av den europeiske villreinstamma. Hardangervidda er det største villreinområde her i landet, og om lag ein tredel Noregs villrein lever her.

Handteringa av skrantesjuke (CWD) i Noreg er krevjande. Det er vanskelge å få oversikt over situasjonen, og det er stor uvisse om mange faktorar knytte til sjukdommen.

– Dei avgjerda som vi skal fatta om vegen vidare, skal i størst mogleg grad tuftast på fakta og faglege råd, og med lokal involvering.  Vi må så langt det er mogeleg sikre ei berekraftig forvaltning av villreinen og deira leveområde, seier statssekretær Aleksander Øren Heen i Klima- og miljødepartementet.

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for dyrehelse og sjukdomsutbrot hos ville dyr. Dei har og ansvaret for jakt og prøvetaking.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for forvaltninga av villreinbestandane og villreinens leveområde. Klima- og miljødepartementet har også ansvar for alle tiltak i regi av Statens naturoppsyn (SNO).

Det er eit tett samarbeid knytt til CWD-arbeidet mellom Mattilsynet, Miljødirektoratet og Veterinærinstituttet.