Historisk arkiv

Statsbudsjett 2019:

Tilskot til nytt opera- og kulturhus i Kristiansund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringen ønsker å bidra til at det blir nytt opera- og kulturhus i Kristiansund. Den statlege medverknaden kan bli på inntil 150 millionar kroner. I framlegget til statsbudsjett for 2019 tilrår regjeringa å løyve 5 millionar kroner til Kristiansund kommune. Ein føresetnad for den statlege medverknaden er at prosjektet blir noko nedskalert. Staten vil ta stilling til prosjektet når den statlege medverknaden ikkje overstig 150 millionar kroner, der 100 millionar kroner går til areal for operaen og 50 millionar kroner til museet.

– Eg ser at Operaen i Kristiansund og Nordmøre museum vil vera tente med betre eigna lokale. Men når vi samanliknar med tilsvarande prosjekt, er det uråd å forsvare ein så stor statleg medverknad som dei har søkt om. Kommunen må anten nedskalere prosjektet eller finne fleire finansieringskjelder. Eg ønskjer å bidra i den prosessen ved å tilrå ei løyving på 5 millionar kroner til omprosjektering. Staten vil først ta stilling til endeleg søknad når den statlege medverknaden ikkje overstig 150 millionar kroner, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Kristiansund kommune har søkt Kulturdepartementet om 234 millionar kroner i investeringstilskot til bygging av eit nytt opera- og kulturhus. Bygget skal vera arena for to føretak som får statleg driftstilskot,  nemleg Operaen i Kristiansund og Nordmøre museum, forutan m.a. bibliotek og kulturskule, som er funksjonar kommunen sjølv har ansvar for. Staten ser at operaen og museet treng betre praktiske fasilitetar, men det omsøkte prosjektet Kristiansund kommune har levert, vert vurdert å vera for stort. Difor går ein inn for å gje tilskot til ei omprosjektering, med sikte på å nedskalera prosjektet.