Tiltak mot antibiotikaresistens og sal av meir skog

Statsbudsjettet 2016

• 7 millionar meir til arbeid mot antibiotikaresistens.              • Utvider skogsalet frå Statskog med 150.000 mål.                   • 3 millionar meir til dyrepolitiet.                                                 • Aukar løyvinga til klimatiltak i skog med 33 millionar kroner.                                                                                       Dette er hovudpunkt i budsjettframlegget for 2016 frå Landbruks- og matdepartementet.

Tiltak mot antibiotikaresistens

Regjeringa gjer framlegg om å forsterke arbeidet mot antibiotikaresistens med 7 millionar kroner. Midlane skal gå til forsking og kunnskapsutvikling knytt til antibiotikaresistens i landbruket. 

– Norge har i dag god dyrehelse og det lågaste forbruket av antibiotika i landbruket i Europa, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. – Vi set mykje inn på at det skal vere slik også i framtida, seier Listhaug. 

Regjeringa sin  nasjonale strategi mot antibiotikaresistens vart  vedteke i sommar. Det er naudsynt med ein forsterka innsats i kampen mot antibiotikaresistens. 

Globalt er antibiotikaresistens eit stort og veksande problem. 

Ikkje privatisering av Statskog

Regjeringa vil vidareføre det arronderingssalet Statskog er i gang med. Dette gjeld 600 000 mål, som etter planen skal vere selt innan 2017.

Regjeringa vil åpne for at salet kan utvidast med inntil 150 000 mål der dette gir arronderingsvinst for foretaket. 

– Ei vidareføring og utviding av det skogsalet som er i gang frå Statskog vil styrke den lokale og private eigarskapen, og det vil gjere skogdrifta meir lønsam og konkurransedyktig, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. – Dette er også ei løysing som på beste måte  ivaretek målet om effektiv forvaltning av Statskog sine skogseigedomar. Derfor er dette ein vinn-vinn situasjon både for Statskog og lokale skogeigarar, seier Listhaug. 

Statskog SF har så langt selt 146 eigedomar. Dette utgjer om lag 270 000 mål i 16 fylke og 71 kommunar. 70 prosent av eigedomane er selt til lokale kjøparar, og om lag 20 prosent er selt til kommunar og Miljødirektoratet. Ingen eigedomar er selt til utenlandske eigarar. 

Dyrepoliti

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 3 millionar kroner til pilotprosjektet om dyrepoliti, for å styrke kampen mot kriminalitet som blir gjort mot dyr. 

– Prosjektet gjer at vi kan få straffa og dømt fleire av dei som gjer kriminalitet mot dyr. Dette kan også førebygge vold og overgrep mot menneskje. For nokre av dei som gjer vold mot dyr kan også gjere vold mot barn, partnar og andre uskuldige, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. 

Pilotprosjektet er eit treårig prosjekt i Sør-Trøndelag politidistrikt, med støtte frå Mattilsynet Region Midt-Norge. Midlane blir fordelt mellom politiet (2 millionar kroner over Justis- og beredskapsdepartementets budsjett) og Mattilsynet (1 million kroner over Landbruks- og matdepartementets budsjett). 

Prosjektet blei starta opp i august og har allereie hatt sine første saker. 

Klimatiltak i skog

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til klimatiltak i skog med 33 millionar kroner i 2016. Tiltaka femner om tettare planting etter hogst, gjødsling og arbeidet med skogplanteforedling. Tiltak medverkar til større vekst i skogen og dermed større CO2-opptak. Det vil derfor også medverke til å betre ressurstilgangen for skog- og trenæringa i framtida, samstundes som klimagevinsten er stor.