Revidert nasjonalbudsjett

Tiltakspakker for sårbare grupper

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Regjeringa styrkjer innsatsen for å redusere negative konsekvensar av koronapandemien for sårbare grupper – og føreslår no tre tiltakspakker på nærare 830 millionar kroner.

– Gjennom dei tre tiltakspakkene vi no føreslår, skal vi yte ekstra innsats for einsame eldre, førebyggje vald og overgrep mot barn og hjelpe dei barna som er utsette for dette, støtte barn og unge med psykiske helseutfordringar, fremje integrering og tette kunnskapshol i utdanninga, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Svake grupper er hardt ramma

Koronapandemien og smittevernstiltaka har ramma befolkninga skeivt. Barn, unge og familiar som hadde det vanskeleg frå før, er ekstra hardt ramma. Under heile pandemien har regjeringa jobba for å ta vare på sårbare grupper, og særleg barn og unge.

– Målet har vore, og er framleis, at barn og unge skal ha lågast mogleg tiltaksbør. Vi har heile tida jobba målretta og planmessig for å gjere det vi kan for å skjerme barn og unge, og vi har komme med kompenserande tiltak, mellom anna gjennom ulike økonomiske tiltakspakker, seier Ropstad.

Jamvel om dei fleste trass alt klarer seg bra, er regjeringa bekymra for at smittevernstiltaka kan ha bidratt til auka risiko for vald og overgrep, meir einsemd og utanforskap, meir psykiske helseplager og tapt læring. I revidert nasjonalbudsjett for 2021 føreslår regjeringa derfor å styrkje satsinga overfor sårbare grupper ytterlegare, gjennom tre økonomiske tiltakspakker.

Tilbod til barn og unge

Den eine tiltakspakka, på 260 millionar kroner, skal mellom anna bidra til å

  • auke deltakinga og inkluderinga i ferie- og fritidsaktivitetar, inkludert sommarferietilbod for barn og unge og aktivitetstilbod for barn i mottak
  • styrkje satsinga på velferdsteknologi blant barn, unge og vaksne med funksjonsnedsetjingar
  • styrkje dei private og statlege barnevernsinstitusjonane som følgje av pandemien
  • styrkje kapasiteten til familievernet og stiftinga Alternativ til Vold
  • gje valdsutsette og valdsutøvararar eit betre tilbod om oppfølging, og styrkje det førebyggjande arbeidet mot vald og overgrep, inkludert innsatsen til politiet mot internettrelaterte overgrep

Regjeringa føreslår også ei løyving på 25 millionar kroner ekstra til tiltak for personar med funksjonsnedsetjing.

– 15 millionar kroner av midlane skal nyttast til å gjennomføre, leggje til rette for og skaffe utstyr til kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar. Det betyr at fleire kan delta i tida framover, og kanskje få ein litt lysare kvardag. Dessutan aukar vi tilskotet til organisasjonar for personar med funksjonsnedsetjing med 10 millionar kroner. Organisasjonane har gjort eit viktig likepersonsarbeid gjennom heile pandemien, og eg vil rose dei, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V).

I tillegg føreslår regjeringa å løyve om lag 32 millionar kroner til arbeidet mot vald.

– Med desse midlane vil vi auke innsatsen mot nettovergrep og styrkje den digitale etterforskinga av vald og overgrep. Vi ynskjer òg å betre informasjonen om hjelpetilbod til valdsutsette på fleire språk. På bakgrunn av at bruken av omvend valdsalarm har auka vesentleg den siste tida, føreslår vi også å auke løyvingane til utstyr og opplæring. Vi aukar i tillegg løyvinga til aktivitetsmidlar for barn i mottak, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

Hjelp med skulen

Den andre tiltakspakka, på 266 millionar kroner, er innretta for å ta igjen tapt læring for barn og unge.

– Vi skal sørgje for at fleire fullfører vidaregåande skule, og at fleire får den kompetansen som arbeids- og næringslivet treng i framtida, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

I 2020 blei det etablert eit tilskot for å ta igjen tapt progresjon for sårbare elevar. Tilskotet blei tildelt kommunar, fylkeskommunar og friskular. Tiltakspakka inneber mellom anna å vidareføre og utvide dette tilskotet hausten 2021.

Styrkjer arbeidet innanfor psykisk helse og rus

Den tredje tiltakspakka, på 300 millionar kroner, skal bidra til å styrkje den psykiske helsa i befolkninga og førebyggje rusproblem.

– Fleire av dei føreslåtte tiltaka er ei direkte oppfølging av tiltak føreslått av ekspertgruppa som har sett på kva konsekvensar pandemien har hatt for den psykiske helsa, livskvaliteten og rusmiddelbruken i befolkninga. Vi føreslår mellom anna å løyve 150 millionar kroner til å styrkje det eksisterande behandlingstilbodet innanfor psykisk helse og rusarbeid, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Tiltakspakke for sårbare grupper (260 millionar kroner):

  • 15,5 mill. kroner til å styrkje kapasiteten i familievernet
  • 5,8 mill. kroner til å styrkje kapasiteten ved stiftinga Alternativ til Vold
  • 13,2 mill. kroner til å styrkje tilskotsordninga for tiltak mot vald og overgrep
  • 5 mill. kroner til digital etterforsking av vald og overgrep under pandemien
  • 10 mill. kroner til å auke innsatsen mot nettovergrep og styrkje nettpatruljen til politiet
  • 5,5 mill. kroner til informasjon om tilbod til utsette for vald og overgrep, i regi av politiet og hjelpeapparatet
  • 10 mill. kroner til å auke bruken av omvend valdsalarm
  • 15 mill. kroner til å styrkje tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak i kommunane
  • 1,5 mill. kroner til å styrkje Foreldresupport, hjelpetelefonen til Mental helse
  • 2 mill. kroner til å styrkje Alarmtelefonen for barn og unge
  • 40 mill. kroner til å styrkje løyvingane til statlege og private barnevernsinstitusjonar
  • 2 mill. kroner til å styrkje organisasjonane i barnevernet
  • 45 mill. kroner til å styrkje Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge
  • 10 mill. kroner til å styrkje tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn
  • 10 mill. kroner til å styrkje tilskot til organisasjonar for personar med funksjonsnedsetjing
  • 15 mill. kroner til å styrkje tilskot til auka deltaking blant barn og unge med funksjonsnedsetjingar i kultur og frivilligheit.
  • 1,5 mill. kroner til aktivitetsmidlar for barn i mottak
  • 15 mill. kroner til å styrkje stimuleringsprogrammet for frivillig arbeid innanfor helse
  • 10 mill. kroner til styrkje satsinga på velferdsteknologi blant barn, unge og vaksne med funksjonsnedsetjingar
  • 28 mill. kroner til å styrkje tiltak innanfor barnehabilitering

Tiltakspakke for å ta igjen tapt læring for barn og unge (266 millionar kroner):

  • 250 mill. kroner til tilskotsordning for å ta igjen tapt læring
  • 10 mill. kroner til tilskotsordning for å ta igjen tapt læring og tidleg innsats i levekårsutsette område
  • 6 mill. kroner til Røde Kors sitt tilbod om digital leksehjelp

Tiltakspakke for å styrkje den psykiske helsa og førebyggje rusproblem i befolkninga (300 millionar kroner): 

  • 150 mill. kroner til å styrkje det eksisterande behandlingstilbodet innanfor psykisk helse og rusarbeid
  • 30 mill. kroner til ei mellombels tilskotsordning for aktivitetar/ferietilbod til aleinebuande unge og eldre, i regi av frivillige og ideelle organisasjonar
  • 30 mill. kroner til psykisk helse i skulen
  • 20 mill. kroner for å spreie og auke tilgjengelegheita til digitale behandlings- og sjølvhjelpsverktøy for meistring av psykiske plager
  • 10 mill. kroner til ei ny tilskotsordning for å kunne hjelpe ungdom og unge vaksne med psykiske utfordringar og/eller rusmiddelproblem
  • 10 mill. kroner til smitteverns- og oppfølgingsarbeid for personar med rusproblem og/eller problem med psykisk helse
  • 10 mill. kroner til aktivitetsprogrammet for sårbare eldre
  • 10 mill. kroner til felles opplæringsmodul for hjelpetelefonar innanfor det psykiske helsefeltet
  • 7 mill. kroner til ROS – rådgiving om spiseforstyrringar – 5 millionar kroner av midlane skal nyttast til å etablere eit nytt senter i Tromsø
  • 7 mill. kroner til tilskotsordninga for etablering og utvikling av frisklivs-, lærings- og meistringstilbod i kommunane
  • 5 mill. kroner til å auke kjennskapen til og bruken av kartleggingsverktøy for å identifisere problematisk rusmiddelbruk og avhengigheitsproblematikk
  • 5 mill. kroner til å gjennomføre ein nasjonal folkehelsekampanje for å styrkje kompetansen på psykisk helse og førebygging av psykiske plager og rusproblem i befolkninga
  • 5 mill. kroner til å styrkje støtta til pårørande med krevjande omsorgsoppgåver
  • 1 mill. kroner til å vidareutvikle dei interaktive løysingane på psykososialberedskap.no