To rapportar overleverte til matsystemutvalet
Nyheit | Dato: 12.03.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Matsystemutvalet har bestilt to rapportar i samband med utgreiinga av framtidas matsystem. Desse er no oversende åt utvalet.
Ruralis har i samarbeid med NIBIO levert ein scenarioanalyse av forholdet mellom kosthaldsendring, utsleppsreduksjon, importavhengigheit og matproduksjon på lang sikt, med vekt på norsk jordbruksproduksjon. Menon Economics har levert ein analyse av 7 utvalde tiltak for å fremje sunnare kosthald, og belyse sentrale verknadsmekanismar og konsekvensar for forbrukarar, næringsliv og myndigheiter.
Analysane skal styrkje kunnskapsgrunnlaget til matsystemutvalet på vegen mot eit meir berekraftig matsystem.