– Regjeringa vil arbeide for å heve statusen til kvensk språk. Vi må sørgje for at majoritetsbefolkninga kjenner til kven kvenane/norskfinnane er, og vi må arbeide for at dei som snakkar kvensk kan gjere det med stoltheit, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.

Kvensk språk og kvenske institusjonar er viktige for å sikre og utvikle kvensk kultur og samfunnsliv. Arbeidet med å styrkje kvensk språk involverer mange aktørar. Handlingsplanen vert utforma i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og underliggjande direktorat. Det er òg oppnemnt ei referansegruppe med representantar frå Norske kveners forbund – Ruijan kvääniliitto, Kvenungdommen – Kvääninuoret, Kvensk institutt – Kväänin institutti, Halti kvenkultursenter, språksentra i Kvænangen, Porsanger, Storfjord, Vadsø og Alta, Kvensk språkting og UiT – Noregs arktiske universitet.

For å få innspel til arbeidet med handlingsplanen har Kommunal- og distriktsdepartementet halde eit ope innspelmøte og eit innspelmøte med kommunar og fylkeskommunar.

Handlingsplanen for kvensk språk er ein del av oppfølginga etter Stortinget si handsaming av rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen 12. november 2024. I anmodningsvedtak 29 i Innst. 30 S (2024–2025) ber Stortinget regjeringa om å vurdere effektane av det gjeldande verkemiddelapparatet og å utforme forpliktande handlingsplanar for å styrkje språka som vart utsette for fornorsking.