Tre nye havvindområde aktuelle for opning og utlysing i 2025

Regjeringa gir Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i oppdrag å starte strategiske konsekvensutgreiingar av tre havvindområde som kan vere aktuelle for opning og utlysing i 2025.

— Regjeringa har fullt trykk på å utvikle havvindnasjonen Noreg. Vi har stort behov for ny, fornybar kraft i åra som kjem, og havvind kan bidra med ein betydeleg del av denne krafta. Samtidig kan utviklinga av ein heimemarknad gi spennande moglegheiter for å vidareutvikle norsk leverandørindustri, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Til utlysingsrunden i 2025 har NVE anbefalt regjeringa å vurdere moglegheita for at dei allereie opna områda Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord blir utvida med felta Sørvest F og Vestavind F. I tillegg ønskjer regjeringa å utføre ei strategisk konsekvensutgreiing av området Vestavind B.

Områda Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord vart opna på bakgrunn av ei strategisk konsekvensutgreiing frå 2012. Utgangspunktet etter 2012-utgreiinga var at det kunne byggjast ut 3000 MW i området Sørlige Nordsjø II og 1500 MW i området Utsira Nord.

Den foreslåtte utvidinga i Sørvest F og Vestavind F endrar føresetnadene for utgreiinga frå 2012, og det må difor gjennomførast ei  strategisk konsekvensutgreiing for verknadene av kapasitetsutvidingane.

Regjeringa har også gitt NVE i oppdrag å utføre ei strategisk konsekvensutgreiing av området Vestavind B. Dette er eit område som har gode vindforhold og som har mykje eksisterande infrastruktur som bidrar til kjennskap til etablerte næringar og interesser i området.

— I april presenterte NVE 20 nye moglege område for havvindproduksjon på norsk sokkel. I dag har NVE fått beskjed om å starte strategisk konsekvensutgreiing av tre av felta som kan vere aktuelle for opning og utlysing i 2025-runden og av felta som er aktuelle for seinare rundar. Havvind byr på store moglegheiter, og med dette tek vi den norske satsinga eit viktig steg vidare, seier Aasland.

Dei strategiske konsekvensutgreiingane som er knytte til 2025-runden skal leverast til Olje- og energidepartementet innan utgangen av november 2024.

NVE har også fått i oppdrag å starte med strategiske konsekvensutgreiingar av dei andre områda som er aktuelle for utlysing framover mot 2040. Desse utgreiingane skal etter planen vere ferdige innan utgangen av juni 2025.

I arbeidet med å identifisere nye område for havvind har NVE leia ei breitt samansett direktoratsgruppe med følgjande deltakarar: Oljedirektoratet, Fiskeridirektoratet, Miljødirektoratet, Kystverket, Forsvarsbygg og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Denne gruppa vil også bli involvert i arbeidet med dei strategiske konsekvensutgreiingane.

Bakgrunn

Regjeringa sin ambisjon er at det innan 2040 skal tildelast areal med potensial for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel. Det er viktig at utviklinga av havvind skjer gjennom god sameksistens med andre næringar og ved at det blir tatt omsyn til miljø og natur. Dette blir vurdert ved fleire ulike punkt i prosjektutviklinga. Før eit område blir opna blir det gjennomført ei strategisk konsekvensutgreiing, der det blant anna blir gjort utgreiingar for biologisk mangfald på havbotnen, sjøpattedyr og sjøfugl.

Dokumenter

Les meir om regjeringa si havvindsatsing: Havvind