Ny verneforskrift for Trettenstryka

Regjeringa har i dag fastsett forskrift om vern av Trettenstryka biotopvernområde. Forskrifta erstattar gjeldande forskrift om vern av Trettenstryka fuglefredingsområde.

Tretten bru kollapsa 15. august 2022. Brua kryssa Gudbrandsdalslågen og Trettenstryka fuglefredingsområde ved Tretten i Øyer kommune.

Innlandet fylkeskommune har etter brukollapsen bygd ei midlertidig bru gjennom verneområdet.

Den nye verneforskrifta opnar for at Statsforvaltaren kan gi fylkeskommunen løyve til å rive den midlertidige og bygge opp att ei permanent bru over Trettenstryka. Brua ved Tretten er viktig for å kunne oppretthalde fylkesveg 254 som mellom Øyer/Gudbrandsdalen og Gausdal/Skeikampen.

Trettenstryka blei verna som fuglefredingsområde allereie i 1990. Formålet med vernet er å bevare det rike fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø, særleg av omsyn til fossekall. Trettenstryka er rekna for å vere den beste overvintringsstaden for fossekall i Norden. Området er og viktig for andre vassfuglar, fisk som held til i Gudbrandsdalslågen, og trua og sårbare planter og sopp.

Naturmangfaldlova frå 2009 vidareførte ikkje vernekategorien «fuglefredingsområde», som har vore vernestatus for Trettenstryka. Difor får Trettenstryka ei heilt ny verneforskrift som er oppdatert til den nye vernekategorien i naturmangfaldlova – biotopvernområde. Formålet med biotopvern er å bevare viktige økologiske funksjonsområde for visse artar. Eit økologisk funksjonsområde er natur som artane bruker til å gyte eller finne mat i, til oppvekst, hekking, overvintring eller som leveområde året rundt. Verneformålet blir no utvida til å omfatte økologiske funksjonsområde for fleire artar enn berre fossekall, medan restriksjonsnivået blir vidareført omtrent som i dag.

Kongelig resolusjon

Verneforskrift 

Vernekart