Forsiden

Tysklands visekanslar Robert Habeck besøkjer Noreg

Visekanslar Robert Habeck møter statsminister Jonas Gahr Støre torsdag 5. januar. Olje- og energiminister Terje Aasland, næringsminister Jan Christian Vestre og klima- og miljøminister Espen Barth Eide er også til stades.

Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Det vert pressekonferanse om lag kl. 10.00.

Nett-tv Tysklands visekanslar Robert Habeck besøkjer Noreg

Se sendingen her

Se sendingen her

Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. Media som ønskjer å sende pressekonferansen direkte kan kontakte DSS for publiseringspunkt på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.