Forslaget følgjer opp budsjettenigheita i Stortinget frå desember mellom Arbeidarpartiet, Rødt, Senterpartiet, SV og MDG om å auke fribeløpet for uføretrygd til 1 G. Det svarar i dag til 130 160 kroner.

– Uføretrygd gir tryggleik for ei inntekt å leve av dersom ein ikkje er i stand til å jobbe på grunn av helseproblem. Helsa kan endre seg over tid, og nokre kan etter kvart jobbe meir. Med forslaget følgjer regjeringa opp Stortinget sitt budsjettvedtak om å auke fribeløpet, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

For nye uføre og dei som får auka uføregrad, er det foreslått ei ventetid på to år før fribeløpet blir endra til 1 G. Det vil seie at fribeløpet er 0,4 G dei første 24 månadene etter at ein har fått innvilga uføretrygd eller fått auka uføregrad.

Det blir òg foreslått endringar i regelverket for tenestepensjon, slik at personar som mottek både uføretrygd frå folketrygda og uførepensjon frå tenestepensjonsordningar får same fribeløp i begge ordningar.

For å sikre at endringane ikkje gir uønskte utslag, er det òg foreslått ei justering i regelverket for hjelpemiddel, slik at uføre ikkje får dårlegare tilgang til hjelpemiddel på arbeidsplassen som følgje av høgare fribeløp.

Reduksjon av uføretrygd mot inntekt og auke av fribeløpet

  • Dei som er 100 prosent uføre, er ikkje venta å kunne skaffe seg inntekt ved sidan av uføretrygda. Dei som likevel kan jobbe, kan med forslaget til nye reglar tene 1 G i tillegg til uføretrygda utan å få redusert trygd. Inntekt over 1 G vil føre til at trygda blir redusert.
  • Også dei som er gradert uføre kan tene 1 G i tillegg til inntekta ein antok dei kunne tene ved sidan av uføretrygda på det tidspunktet uføregraden blei fastsett. Etter dette blir trygda redusert. Til dømes er ein som har uføregrad på 50 prosent, antatt å kunne tene halvparten av arbeidsinntekta frå før han eller ho blei ufør. I tillegg kan ein med dei nye reglane tene 1 G før trygda blir redusert.
  • Endringa skal gjelde frå 1. januar 2026 (verknadstidspunkt). Nav kan først gjennomføre endringa frå 1. oktober 2026, fordi datasystema må oppdaterast. Det betyr at uføretrygda fram til 1. oktober 2026 framleis vil bli berekna som om fribeløpet er 0,4 G. Nokre vil derfor bli trekte for mykje før 1. oktober. Dei får pengane tilbake i etteroppgjeret for 2026, som skjer i 2027. Etterbetalingar av trygdeytingar fører ikkje til reduksjon i uføretrygd eller barnetillegget til uføretrygd.

  • Frå 1. oktober 2026 vil dei som har fullført ventetida få uføretrygda berekna som om fribeløpet har vore 1 G heile året 2026.