Støre møter den ukrainske presidenten til politiske samtalar i kveld.

– Ukraina har eit kritisk behov for luftvern og annan militær støtte, og dei går ein krevjande vinter i møte. Tema for samtalene er mellom anna korleis norsk militær og sivil støtte best kan svare på Ukraina sine behov akkurat nå, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Priv til red.:

Statsministerens kontor vil gjere bilete tilgjengelege på Flickr-kontoen vår.

På grunn av strenge tryggleiksomsyn i Oslo, er det ikkje pressetilgjenge i samband med møtet.