Utanriksminister Eide til WTO sin 13. ministerkonferanse

Utanriksminister Espen Barth Eide leier den norske delegasjonen til Verdshandelsorganisasjonen (WTO) sin 13. ministerkonferanse (MC13), 26.– 29. februar i Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata.

Ministerkonferansen er WTO sitt høgaste besluttande organ. Norske hovudprioriteringar for konferansen er å sørgje for at WTO har ein velfungerande mekanisme for å løyse handelstvistar. I tillegg vil avtalen om fiskerisubsidiar stå sentralt, saman med tema som landbruk og utvikling. For Noreg er det òg ein prioritet at WTO sin ministerkonferanse blir ein arena for diskusjon om handel og klima og inkluderande handelspolitikk.

– I ei tid med aukande geopolitiske spenningar er det desto viktigare at vi styrkjer og bevarer institusjonar som WTO. Å styrkje og bevare WTO er Noregs primære handelspolitiske interesse. Samtidig ser eg fram til å leie diskusjonane for å finne ein god mekanisme for å løyse handelstvistar, som er kjernen i det internasjonale handelssystemet, seier utanriksminister Eide.

Den norske delegasjonen består av stortingsrepresentantar, fleire departement, og dessutan representantar frå sivilsamfunn.

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801, siri.svendsen@mfa.no