Utanriksministeren deltek på NATOs utanriksministermøte 3. desember
Pressemelding | Dato: 21.11.2025 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide deltek onsdag 3. desember på NATOs utanriksministermøte ved hovudkvarteret i Brussel. Møtet blir leia av NATOs generalsekretær, Mark Rutte.
Program for onsdag 3. desember:
- Føremiddag: NATO-møtet for utanriksministrane.
- Ettermiddag: Arbeidslunsj i NATO/Ukraina-rådet. I tillegg til Ukrainas utanriksminister Andrij Sybiha deltek EUs utanrikssjef Kaja Kallas.
Utanriksministeren vil vere tilgjengeleg for spørsmål frå pressa ved ankomst til hovudkvarteret og etter møta.
Andre møtepunkt:
- Tysdag kveld: Arbeidsmiddag med dei nordiske, baltiske og Benelux-landa. Luxemburg er vertskap.
- Onsdag morgon: Frukostmøte med dei nordiske og baltiske landa samt Storbritannia. Danmark er vertskap.
Praktisk informasjon for presse:
Presse som ønskjer å dekkje møtet, må akkreditere seg innan utgangen av sundag 23. november: Meeting of NATO Ministers of Foreign Affairs | NATO Media advisory
Pressekontakt:
Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa)
E-post: ane.lunde@mfa.no | Telefon: 976 71 250