Utdrag frå olje- og energiminister Marte Mjøs Persens kalender for veke 7
Pressemelding | Dato: 14.02.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 14. februar
Kl. 10.00: Olje- og energiministeren møter styreleiar Gunnar Birkeland i Norwegian Offshore Wind.
Onsdag 16. februar
Kl. 11.30: Olje- og energiministeren er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.
Kl. 13.00: Olje- og energiministeren deltek på årets digitale Oslo Energy Forum.
Kl. 18.30: Olje- og energiministeren deler ut prisen Årets Kraftkvinne 2021, på eit arrangement på Klimahuset i Botanisk hage i Oslo.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 415 73 500, epost info@oed.dep.no
Tysdag 22. og onsdag 23. februar
Olje- og energiministeren besøkjer Brussel saman med statsminister Jonas Gahr Støre, klima- og miljøminister Espen Barth Eide og næringsminister Jan Christian Vestre. Besøket blir ei blanding av felles program og separat program for dei ulike statsrådane. Olje- og energiministeren skal blant anna møte EUs energikommisær Kadri Simson, Belgias energiminister Tinne van der Straeten og delta på ein rundebordskonferanse om grøn energi.
Presse som ønskjer å følgje besøket, må akkreditere seg til Statsministerens kontor innan fredag 18. februar. Send e-post til mlk@smk.dep.no
Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no