Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 24

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 13. juni
Kl. 12.30: Olje- og energiministeren er vert for ein lunsj i samband med at Indonesias energiminister besøkjer Oslo. Besøket er ein del av den etablerte energidialogen mellom Noreg og Indonesia.
Lunsjen går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det er mogleg å fotografere ved starten av lunsjen. Oppmøte for fotografar ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 12.00. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tore Sandnes Becker, telefon 40 49 79 16, e-post Tore-Sandnes.Becker@oed.dep.no.

Tysdag 14. juni
Kl. 09.00: Olje- og energiministeren tek imot Straumnettutvalet si utgreiing om utvikling av straumnettet i Noreg. Pressekonferansen blir sendt direkte på nett-tv.

Stad: Auditoriet i R5, Akersgata 59. Oppmøte frå kl. 08.30.
Presse som ønskjer å delta på pressekonferansen kan melde seg på ved å sende ein e-post til kommunikasjonsrådgivar Ingrid Lønrusten Rogstad på ilr@oed.dep.no.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Lønrusten Rogstad, telefon 93 48 92 25, e-post ilr@oed.dep.no.

Kl. 11.00: Olje- og energiministeren har ein telefonsamtale med Sveriges energiminister Khashayar Farmanbar.

Kl. 15.00: Olje- og energiministeren er til stades på ei markering av at det 14. juni er 50 år sidan Stortinget vedtok å opprette Oljedirektoratet. Arrangementet går føre seg på Norsk Oljemuseum i Stavanger.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@oed.dep.no.

Onsdag 15. juni
Kl. 11.00: Olje- og energiministeren møter Bayerns nærings- og energiminister Hubert Aiwanger, i Olje- og energidepartementet.

Torsdag 16. juni
Kl. 19.00: Olje- og energiministeren er til stades på regjeringa sin festmiddag i samband med 18-årsdagen til prinsesse Ingrid Alexandra. Middagen går føre seg på det nye Deichman-biblioteket i Bjørvika i Oslo.

Fredag 17. juni
Kl. 20.00: Olje- og energiministeren er til stades på gallamiddag på Slottet i samband med 18-årsdagen til prinsesse Ingrid Alexandra.