Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 47

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 21. november

Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på lanseringa av to nye rapportar som viser utviklinga for norsk leverandørindustri når det gjeld leveransar til fornybarnæringa og olje og gass.

Lanseringa går føre seg på VIA, House of Oslo. Adresse: Ruseløkkveien 26.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Tysdag 22. november

Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland inviterer til samarbeidsforum for havvind. I møtet skal dei ulike arbeidsgruppene presentere sine vurderingar av kva som skal til for å leggje best mogleg til rette for utbygging av havvind på norsk sokkel.

Desse er inviterte til møtet: Agder Energi, Aibel, Aker Solutions, Bergen Offshore Wind, Bonheur ASA, Deep Wind Offshore, DNV, Edda Wind, EL og IT Forbundet, Energi Norge, Equinor, Eviny, Fellesforbundet, Fiskebåt, FME NorthWind/SINTEF, Forsvarsbygg, Fred. Olsen Renewables, GCE, NODE, GCE Ocean Technology, Hafslund Eco, Havforskningsinstituttet, Industri Energi, Jelsa, Kon-Kraft, LO Norge, Lyse, Magnora Offshore Wind, Mainstream, NFD, NIVA, Nasjonalt eksportråd, Norges Fiskarlag, Norges rederiforbund, NorSea Group, Norseman Wind, Norsk Havvind AS, Norsk Hydro, Norsk Industri, Norsk olje og gass, Norwea, Norwegian Offshore Wind, Norwep, NVE, Ocean Cluster Helgeland, Odfjell Oceanwind, Oljedirektoratet, Parkwind, Pelagisk foreining, Petroleumstilsynet, RWE Renewables, Seagust, Senter for hav og Arktis, Shell, Sjømat Norge, Statkraft, Statnett, Totalenergies, Utsira kommune, Vattenfall, Vårgrønn, WWF, Zero, Ørsted.

Møtet går føre seg hjå Norsk Industri på Majorstua. Adresse: Middelthuns gate 27.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Etter møtet, om lag kl. 15.00, er deltakarane tilgjengelege for presse.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.

 

Onsdag 23. november

Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.

Kl. 16.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er tilgjengeleg for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina. Stad: Vandrehallen på Stortinget.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Torsdag 24. november

Kl. 11.00: Olje- og energiminister Terje Aasland held innlegg på den årlege konferansen til Grønn Byggallianse, der temaet er energieffektivisering av bygg. Statsråden deler også ut prisen for årets grøne driftsteam. Prisen blir delt ut til eit driftsteam som inspirerer andre og som har utmerka seg ved å redusere miljøbelastinga gjennom drifta av eit bygg. Konferansen går føre seg på Rebel, Universitetsgata 2.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 14.15: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Zerokonferansen. Aasland deltek i to sesjonar som handlar om havvind og CO2-fjerning. Om kvelden er statsråden til stades på konferansemiddagen. Zerokonferansen går føre seg på Radisson Blu Plaza Hotel i Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Fredag 25. november

Kl. 09.45: Olje- og energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med den sveitsiske ministeren for klima, transport, energi og kommunikasjon, Simonetta Sommeruga. Tema for møtet er karbonfangst og -lagring (CCS). Statsråden skal også halde eit kort innlegg på eit norsk-sveitisk rundebordsarrangement om CCS. Møta går føre seg i Utanriksdepartementet.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Kl. 15.00: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Herøya Industripark, der han får ei orientering om planane for etablering av eit storskala testsenter for hydrogen- og ammoniakkapplikasjonar.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.