Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 46

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 46, 2023.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Espen Barth Eide

Måndag 13. november

Kl. 09.00: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med generalsekretærane for dei norske partnarskapsorganisasjonane for humanitær innsats i Ukraina. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 14. november

Kl. 15.00: Utanriksminister Espen Barth Eide møter vinnaren av årets Raftopris, «Defense of Children International - Palestine». Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 15. november

Utanriksminister Espen Barth Eide er i Trondheim i samband med konferansen «Respons» som er skipa til av UD saman med NTNU. Tema er det grøne skiftet.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Tysdag-fredag 14–17. november

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er på reise i India. Målet med reisa er å sjå investeringar gjennom Norfunds Klimainvesteringsfond, og samarbeid innan sirkulærøkonomi, digitale fellesgode og helse.

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 13. november

Kl. 17.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson held opningsinnlegg på konferansen «NORWEP international energy forum».

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 14. november

Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på eit møte om gjenoppbygginga av Ukraina. Stad: Warszawa, Polen.  

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik


Måndag 6. november–14. november

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik er i New York (sjå òg programmet frå førre veke).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 17. november

Kl. 10.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik har eit møte med Bosnia-Hercegovinas minister for menneskerettar og flyktningar, Sevlid Hurtic. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.45: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik opnar eit seminar om val og valobservasjon som er skipa til av NORCAP.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian

Onsdag 15. november–16. november

Statssekretær Maria Varteressian deltek på eit møte i regionalt nordområdeforum. Stad: Mo i Rana.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 17. november

Kl. 10.00: Statssekretær Maria Varteressian har eit møte med viseminister for næring, Valentino Valentini. Stad: UD, Oslo.

 

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 13. novemver–14. november

Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på «Global Genebank Summit». Stad: Berlin, Tyskland.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.


Tysdag 14. november–5. november

Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit høgnivåmøte i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) sin «Development Assistance Committee» (DAC). Stad: Paris, Frankrike.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 16. november

Kl. 16.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter grunnleggjaren av bioteknologiselskapet BioNTech, Özlem Türeci. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.