Respons-konferansen:

Det grøne skiftet – vårt felles ansvar

På Respons-konferansen i Trondheim 15. november samlast nokre av Noregs leiande ekspertar på klima, miljø, energi og teknologi for å komme med innspel til korleis norsk utanrikspolitikk bør innrettast for å møte nokre av vår tids største utfordringar, natur- og klimakrisa.

Konferansen blir arrangert av NTNU i samarbeid med Utanriksdepartementets Respons-prosjekt.

Noreg speler ei aktiv rolle i internasjonalt klima- og miljøarbeid, samtidig som vi er ein stor produsent og eksportør av olje og gass. Korleis vil geopolitiske forhold, knappleik på ressursar og eit krevjande internasjonalt samarbeidsklima påverke moglegheita våre? Korleis kan teknologiutvikling og internasjonalt samarbeid bidra til løysingar, men også gje nye utfordringar?

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek saman med representantar frå næringsliv, forskingsmiljø og WWF, olje- og energiminister Terje Aasland og statssekretær Ragnhild Sjoner Syrstad i Klima- og miljødepartementet.

Konferansen skal styrkje forståinga vår av drivkreftene bak dei globale klima-, miljø-, og energiutfordringane, og identifisere forskingsbaserte og teknologiske løysingar med hovudvekt på den utanrikspolitiske dimensjonen.

Arrangementet kan følgjast på direkte her på denne sida 15. november frå kl. 10.00.

Les meir om prosjektet: