Pressemelding

Utgreiing om støtta til barnefamiliane overlevert barneministeren

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar:

I dag fekk barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP) overrekt utgreiinga om den samla støtta til barnefamiliane. Utvalet har mellom anna sett på ordningar som barnetrygd, foreldrepengar og kontantstøtte.

Det er 20 år sidan ordningane til barnefamiliane blei gjennomgått samla. Sidan då har fleire av ordningane blitt endra, og det har skjedd store endringar i samfunnet på dette feltet som har hatt betyding for barnefamiliane sin økonomi. Barnefamilieutvalet vart sett ned 19. juni 2015.

Utvalet har skildra det offentlege tenestetilbodet og overføringsordningane til familiar med barn under 18 år og vurdert mulege endringar innanfor uendra budsjettrammer. Utvalsleiar er professor Anne Lise Ellingsæter.

- Eg er glad for at vi no har fått ei grundig og god utgreiing som gir oss grunnlag for å diskutere støtta til familiar med barn. Utvalet kjem med tilrådingar om ordningar som foreldrepengar, foreldrebetaling i barnehage og barnetrygd. Dette vil bidra inn i den pågåande debatten om framtidas familiepolitikk. NOUen vil bli sendt på høyring, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP).

Les NOU 2017:6 Offentlig støtte til barnefamiliene

Utvalet foreslår mellom anna:

  • Foreldrepengeordninga:
    • Likedeling av foreldrepermisjonen. 9+20 veker til mor og 20 veker til far
    • Individuell rett til foreldrepengar, avvikle aktivitetskravet
    • Avvikle eingongsstønaden
    • Ny løpande minsteyting på 2G til foreldre med ingen eller låg inntekt
  • Gratis barnehage og kvartalsvise opptak i barnehagen (forslag frå 6 av 9 medlemmar)
  • Målretta barnetrygd som gir ca. 23 000 kroner per barn for låginntektsfamiliar, utbetalast til begge foreldre (forslag frå 6 av 9 medlemmar)
  • Kontantstøtta avviklast
  • Stønadar til einsleg mor og far avviklast og erstattast av løpande minsteyting, gratis barnehage og målretta barnetrygd
  • Stipend frå Lånekassen til studentar med barn avviklast og erstattast av den løpande minsteytinga

Sjå sendinga frå pressekonferansen her.