Utgreiing om vald og overgrep mot barn overlevert barneministeren

Barnevaldsutvalet har gjennomgått alvorlege saker der barn og ungdom har vore utsette for vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt. I dag overleverte dei utgreiinga til barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

- Når eg tenker på desse barna som har blitt utsette for vald og overgrep, blir eg sint og lei meg. Funna til utvalet er alvorlege, men dessverre ikkje overraskande. NOUen viser at vi framleis har ein lang veg å gå for å beskytte alle barn mot vald og overgrep. Det var derfor vi sette ned Barnevaldsutvalet. Utgreiinga dekker mange fagfelt og det fyrste eg vil gjere er å invitere mine ministerkollegaer til eit møte der vi gjennomgår tilrådingane til utvalet, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Barnevaldsutvalet vart sett ned 13. november 2015 og er det fyrste i sitt slag i Noreg. Oppgåva har vore å avdekke om, i kva grad og på kva måte det har skjedd svikt i det offentlege tenesteapparatet si handtering av saker der barn har vorte utsette for alvorleg vald og overgrep. Utvalsleiar er Ann-Kristin Olsen.

- Utvalet kjem med 57 tiltak på ulike nivå, der dei mellom anna viser kor viktig det er med kunnskap og kompetanse og samarbeid på tvers av tenester. Det er alvorleg at utvalet finn at barna ofte ikkje vart snakka med når det var mistanke om overgrep eller vald. Barna er den viktigaste kjelda til informasjon om eigne liv og det er helt avgjerande å snakke med dei, seier statsråden.

NOUen skal no sendast på høyring.

Les NOU 2017: 12 Svikt og svik

Sjå sendinga frå pressekonferansen her.