Utsatt svarfrist om brot på EØS-reglar for utstasjonerte arbeidstakarar

Arbeids- og sosialdepartementet ber ESA om utsatt svarfrist om brot på EØS-reglar for utstasjonerte arbeidstakarar.

EFTAs overvakingsorgan ESA starta i oktober formell sak mot Noreg for brot på EØS-avtalens reglar for utstasjonerte arbeidstakarar. Brota gjekk på krav om at arbeidsgivarar skal betale reise, kost og losji for utanlandske verftsarbeidarar, byggearbeidar og reinhaldsarbeidarar, noko ESA meinte var eit brot på EØS-avtalen.

Fristen for svarbrev  til ESA er 25. desember. No ber Arbeids- og sosialdepartementet i eit brev til ESA om utsatt frist til midten av januar. 

Sjå brevet her