Malthe-Sørenssen-utvalet blei oppnemnt av regjeringa i mars, og skal levere sin NOU hausten 2026. Utvalet skal analysere korleis kunstig intelligens påverkar høgare utdanning, og gi råd til sentrale styresmakter og universiteta og høgskulane. Forskings- og høgare utdanningsministeren har bede om førebelse tilrådingar til universitet og høgskular.

– Den teknologiske utviklinga går raskt, og difor har det vore viktig å få desse tilrådingane no. No har vi fått fleire klare råd som blir viktige i det vidare arbeidet med kunstig intelligens i høgare utdanning. KI kan i beste fall bidra til gode og nyttige læringsformer, men det krev at vi bruker teknologien rett. Eg forventar at universiteta og høgskulane set seg inn i råda frå utvalet, og arbeider kontinuerleg med å sikre god og forsvarleg bruk av KI i undervisning og vurdering, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Ønsker debatt 

Leiar av utvalet, Anders Malthe-Sørenssen, framhevar kor stor påverknad kunstig intelligens har hatt på høgare utdanning:

– Dei generative KI-verktøya har velta om på korleis det er å drive høgare utdanning, både for oss tilsette og for studentane. Vi håper notatet kjem til nytte når mange små og store problemstillingar skal løysast i praksis. Så håper vi òg at det blir ein god debatt, nå som vi deler mange av vurderingane vi har gjort så langt i arbeidet, seier Malthe-Sørenssen.

Frårår bruk av verktøy som skal identifisere fusk

Utvalet frårår institusjonane å bruke KI-deteksjonsverktøy for å identifisere bruk av KI som ikkje er tillate. Utvalet meiner at verktøya er lite pålitelege, og at dei er vanskelege å etterprøve. Det skaper betydelege utfordringar i arbeidet med å avdekke KI-fusk.

– Eg forventar at universitet og høgskular no vurderer bruken av slike verktøy, i lys av den klare tilrådinga frå utvalet. Uavhengig av kva verktøy universiteta og høgskulane brukar, må vi vere sikre på at vi vurderer studentane på rettferdig vis og at rettstryggleiken til studentane er ivaretatt, seier Aasland.

Dette er tilrådingane frå utvalet

Eksamen

  • Institusjonane bør bruke fleire kontrollerte eksamensformer (skuleeksamen, munnleg, praktiske prøver).
  • Institusjonane bør supplere ikkje-kontrollerte eksamenar (oppgåve, mappe, heimeeksamen) med ein kontrollert eksamensdel som har reell betydning for testing av oppnådd læringsutbyte og fastsetjing av sensuren.
  • Institusjonane bør ikkje satse på «KI-immune» oppgåver framover.
  • Institusjonane blir frårådde å bruke KI-deteksjonsverktøy for å identifisere ureglementert bruk av KI-verktøy.
  • Overvaking av heimeeksamen er ikkje tilstrekkeleg heimla i dag, og bør difor ikkje gjennomførast.
  • Utvalet tilrår at institusjonane held fram med å vidareutvikle eksamensreglar og KI-retningslinjer lokalt, med erfaringsdeling i sektoren og tilbakemeldingar frå studentar.

Sensur

  • Institusjonane bør gjennomføre forsøk med KI som støtte for avgjerder i sensur (innanfor dagens lovverk).

Karaktergrunngiving

  • Universitet og høgskular bør gjennomføre forsøk med KI som hjelpemiddel for sensorar ved utarbeiding av grunngivingar (utkast, kvalitetssikring, kalibrering).
  • Universitet og høgskular bør gjennomføre tidsavgrensa forsøk med automatiserte KI-grunngivingar.

Kompetanseutvikling

  • Fagmiljøa og den enkelte tilsette har ansvar for å utvikle fagspesifikk og utdanningsfagleg KI-kompetanse.
  • Institusjonane har ansvar for å tilby opplæring og ha juridisk-, etisk- og forvaltingskompetanse ved bruk/innføring av KI-system. Institusjonane bør samarbeide og dele kunnskap.
  • Sentrale styresmakter bør legge til rette for samarbeid, kunnskapsdeling og utviklingsprosjekt, mellom anna ved å skape plattformer for samarbeid mellom fagmiljø, erfaringsutveksling og kunnskapsdeling i sektoren.