Utval har evaluert garantireglane i bustadoppføringslova

Eit lovutval har evaluert garantireglane i bustadoppføringslova. Dette er eit av fleire tiltak som skal bidra til ei meir stabil utvikling av bustadmarknaden. – Målet er å bidra til enklare, raskare og billigare bustadbygging, seier statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet Gjermund Hagesæter (FrP).

Utvalet si pressemelding:

Utvalet har i løpet av 2015 og 2016 undersøkt korleis dagens garantiordning fungerer i praksis, og vurdert endringar i dagens ordning. Forbrukarvernet som vert oppnådd ved ordninga er samanhalde med kostnadene ordninga fører med seg.

Etter bustadoppføringslova § 12 skal entreprenørar stille garanti for oppfyllinga av kontraktar om oppføring av bustader eller fritidsbustader til forbrukarar. I 2011 ble garantireglene skjerpa for å styrke vernet til forbrukarane. Krava til storleiken på garantien blei økt, og garantien blei utvida til fem år etter overtakinga. Da ulike synspunkt om ordninga hadde blitt lagt fram under høringsrunden, understreka justiskomiteen på Stortinget at det var behov for å følgje utviklinga på feltet for å kartlegge dekningsomfanget på garantien, talet på byggefeil og kostnadane ved garantien. Komiteen meinte ei evaluering av lovendringane burde verte sett i gang innan fem år,  og synspunkt skulle verte innhenta frå aktuelle aktørar.

Utvalet sitt viktigaste forslag er:

Forsikringsordning.
I dag er det berre nokre finansinstitusjonar som kan tilby garantiproduktet i bustadoppføringslova § 12. Garantiordninga bør etter utvalet si vurdering verte supplert med ei forsikringsordning. Formålet med å innføre ei slik alternativ form for å stille sikkerheit er ikkje å utvide forbrukaren sitt krav på utbetaling. Hensikta er fyrst og fremst å auke konkurransen i marknaden ved å gi nye aktørar innan forsikringsbransjen moglegheit til å tilby eit parallelt produkt til entreprenørar, med det formål å redusere kostnadane forbundet med det å stille garanti.

Garantilengde. Eit samrøysta utval tilrår at krava til garantilengde etter overtaking vert redusert til to år. Ei slik endring vil kunne gi ein vesentleg reduksjon i kostnaden for entreprenørar, samstundes som forbrukarvernet truleg ikkje vert vesentleg svekka.

Garantistorleik. Fleirtalet i utvalet meiner at krava til garantistorleiken ikkje bør verte endra. Eit mindretall i utvalet er av ein annan oppfatning, og går inn for å auke krava til garantistorleik etter overtaking for å styrke forbrukarvernet.

Avhendingslova. Utvalet har sett tendensar til omgåing av bustadoppføringslova § 12. Fleire entreprenørar vel å avhende nybygg etter reglane i avhendingslova, som ikkje har dei same reglane om garantistilling. Utvalet foreslår at det innførast ein ny regel i avhendingslova som pålegg entreprenører å stille sikkerheit ved sal av nyoppført bustad.

Utvalet blei oppnemnt 19. juni 2015. Utvalet har hatt følgjande medlemmar:
 

  • Herman Bruserud, førsteamanuensis (leiar)
  • Tonje Berggren, tingrettsdommer (oppnemnt etter forslag frå Finans Norge)
  • Jarbjørg Grøtte, advokat (oppnemnt etter forslag frå Advokatforeningen)
  • Per Jæger, administrerande direktør (oppnemnt etter forslag fra Byggenæringens landsforening)
  • Torgeir Øines, regiondirektør (oppnemnt etter forslag fra Forbrukerrådet)

    Utvalet sin sekretær var Kristine Møse, advokatfullmektig.

Kontaktpersonar:

Leiar for utvalet Herman Bruserud: 932 47 458/22 85 97 05

Sekretær for utvalet Kristine Møse: 959 36 087

NOU 2016:10 Evaluering av garantireglene i bustadoppføringslova