Historisk arkiv

Utval som skal sjå på norsk luftfart oppnemnt i dag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Eit offentleg utval skal no vurdere kva konsekvensar globaliseringa innan luftfarten har for arbeidstakarar, flytryggleik og miljø. Utvalet skal også vurdere tiltak som kan gje større konkurranse på kortbanenettet. Utvalet blei oppnemnt i statsråd i dag, og skal leiast av direktør Sverre Quale.

–  Regjeringa er opptatt av å sikre god mobilitet for folk og næringsliv. For store deler av næringslivet er eit godt flytransporttilbod avgjerande for fortsatt drift, og for mange menneske er det avgjerande for at dei skal kunne bu der dei ønskjer. Med dette utvalet vil vi få eit godt kunnskapsgrunnlag for framtidig politikkutforming på luftfartsområdet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Utvalet er breitt samansett, og har kunnskap om dei ulike tema utreiinga skal dekke. Det har medlemmer frå uavhengige fagmiljø og representerer ulike interesser knytt til luftfart, mellom annen frå både arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar.

Utvalet skal levere rapport til Samferdselsdepartementet innan 1. desember 2019.

Utvalet har desse medlemmene:

  • Direktør Sverre Quale, Trondheim (leiar for utvalet)
  • Professor Svein Bråthen, Molde
  • Forbundsleiar LO Yngve Carlsen, Ski
  • Seniorforskar  Merethe Dotterud Leiren, Oslo
  • Direktør NHO Luftfart Torbjørn Lothe, Nesodden
  • Leiar Parat Kabinforbund Anneli Nyberg, Stjørdal
  • Spesialrådgjevar NHO Luftfart Camilla Rise, Drøbak
  • Strategidirektør Margrethe Snekkerbakken, Oslo
  • Professor Frode Steen, Bergen
  • Leiar for prosjekt og strategiske prosessar Jan Petter Steinland, Bodø

Sjå også tidlegare pressemelding.