Historisk arkiv

Utval har vurdert konsekvensar av globaliseringa av luftfarten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Regjeringa er opptatt av ein framtidsretta luftfartspolitikk. Samtidig som luftfarten møter stadig meir internasjonal konkurranse er eg opptatt av å i vareta dei norske interessene best mogleg. Eg er glad for at eit breitt samansett utval no har gjort vurderingar av utfordringane og moglegheitene innan luftfarten. Vurderinga og forslaga vil eg ta med meg i det vidare arbeidet med politikkutforming på luftfartsområdet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.


Samferdselsminister Jon Georg Dale og utvalsleiar Sverre Quale. Foto: Henrik Jonassen/Samferdselsdepartementet

I dag tok han imot utreiinga frå det regjeringsutnemnde utvalet.

Utvalet, ledet av direktør Sverre Quale, har vurdert kva konsekvensar globaliseringa innan luftfarten har for arbeidstakarar, flytryggleik og miljø. Vidare har dei mellom anna vurdert tiltak som kan gje større konkurranse i innanriksmarknaden.

Utvalets forslag er fremma i NOU 2019:22.

Sjå tidligare pressemelding om utvalet her.