Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 17

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 17, 2022.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Søndag 24. - onsdag 27. april
Utanriksminister Anniken Huitfeldt besøkjer India og Bangladesh. Her skal ho markere 50 år med samarbeid mellom Norge og Bangladesh, delta på Raisina-dialogen i New Delhi og ha politiske samtalar i begge land. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: India og Bangladesh

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild H. Simenstad, rhs@mfa.no, 91 71 74 59

Torsdag 28. april
Kl. 08.00 Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på eit møte i Stortingets europautval. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Laurdag 30. april - søndag 1. mai
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er i Trøndelag. Her skal ho mellom anna delta på internasjonal laurdag på Folkets hus og ein panelsamtale om tryggingspolitikk på Studentersamfundet i Trondheim. Søndagen vert 1. mai markert i Hommelvik. Stad: Trondheim og Hommelvik

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Eirin Kjær, 92 29 59 15

Utviklingsminister og nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim

Tysdag 26. april
Kl. 10.00 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på sentralstyremøte i Senterpartiet. Stad: Oslo

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Syver Zachariassen, 46 66 87 01

Onsdag 27. april
Kl. 11.45 Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit møte med det nordiske grensehinderrådet. Stad: Thon Hotel Opera, Oslo.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 14.00 Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på utviklingspolitisk spørjetime skipa til av Forum for utvikling og miljø. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Fredag 29. april
Kl. 12.30 Nordisk samarbeidsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på eit møte med Norsk friluftsliv. Tema er friluftsliv i ein nordisk kontekst i åra som kjem. Stad: UD

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Statssekretær Henrik Thune

Søndag 24. - laurdag 30. april
Statssekretær Henrik Thune er på reise til Colombia, Brasil, Portugal og Iran. I Colombia skal Thune vitje eit område for reintegrering av tidlegare Farc-soldatar og ha politiske samtalar i Bogotá. I Brasil har han næringslivsprogram i Rio og politiske samtalar i Brasilia. I Portugal har han møte om hav og i Iran om tryggingspolitikk i Gulfen.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 25. april
Kl. 10.30 Statssekretær Eivind Vad Petersson møter regionalminister Nataša Tramišak frå Kroatia. Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.00 Statssekretær Eivind Vad Petersson har ein samtale (digitalt) med David Lammy frå partiet Labour i Storbritannia (Shadow Secretary for Foreign, Commonwealth and Development Affairs).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 29. april
Statssekretær Eivind Vad Petersson besøker Tyskland. Her skal han mellom anna ha samtalar med statssekretærane Tobias Lindner og Andreas Michaelis i det tyske utanriksdepartementet og leiar for forsvarskomiteen i Forbundsdagen, Marie Agnes Strack-Zimmermann. Tema for samtalane er krigen i Ukraina, tryggings- og forsvarspolitikk i Europa og samarbeidet mellom Tyskland og Noreg. Stad: Berlin

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Tysdag 26. april
Kl. 14.00 Statssekretær Bjørg Sandkjær held innleiing på årets Forum for finansiering for utvikling (digitalt).

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 16.00 Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit møte (digitalt) med Verdsbanken. Tema er «Nature is our strongest asset».

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Onsdag 27. april
Kl. 15.30 Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit møte (digitalt) med Verdsbanken. Tema er «Putting data to work for people and planet».

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Torsdag 28. april
Kl. 08.00 Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit seminar om vaksineinformasjon og skepsis. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl. 18.00 Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit møte med Nordisk+ som arbeider for å fremje nordisk samarbeid og marknadsmoglegheiter. Stad: Lysebu

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Fredag 29. april
Kl. 08.00 Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit møte med Nordisk+ som arbeider for å fremje nordisk samarbeid og marknadsmoglegheiter. Stad: Lysebu

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83