Vernar fire nye område med viktig marin natur
Nyheit | Dato: 13.02.2026 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa har i dag verna fire nye sjøområde med unik natur i Vestland og Trøndelag. Vernet omfattar nesten 400 kvadratkilometer sjø og skal ta vare på mellom anna korallrev, tareskog og ålegrassenger.
– Dette er ein merkedag for kystområda våre. Vi skal bruke naturen og forvalte han slik at vi kan leve av og med han også i framtida. Vernet av fire nye sjøområde er eit viktig steg for å beskytte sårbare område og sikre livet i havet. Vernet er også eit viktig skritt mot målet om å verne 30 prosent av verdas havområde innan 2030, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Kyst- og fjordområde med viktig natur
Dei nye verneområda ligg i kyst- og fjordområde med stor variasjon i natur og artsmangfald.
Områda som no blir verna omfattar alt i frå eit våtmarksområde i særklasse i Trøndelag til fjordar i Vestland med store korallrev, tareskog og den undersjøiske moreneryggen ved Bukkarevet som er det største dokumenterte korallrevet på Vestlandet.
– Områda som er verna, rommar naturtypar som er både sårbare og uerstattelege. Ved å verne dei no, tek vi vare på denne viktige naturen for framtida, seier Bjelland Eriksen.
Vernet skal beskytte naturen mot skadelege inngrep og er tilpassa kvart område. Verneforskriftene slår fast kva aktivitetar som kan tillatast.
Desse områda blir verna
Dei fire verneområda som blir oppretta i dag er:
- Kråkvåg og Bjugnfjorden (Trøndelag)
- Krossfjorden (Vestland)
- Ytre Hardangerfjorden (Vestland)
- Dalsfjorden (Vestland)
Dei nye verneområda omfattar samla eit areal på 389 km2.
Alle områda inngår i marin verneplan frå 2004. Etter dagens vedtak er 23 av 36 område i planen verna. For dei resterande områda i planen er verneprosess starta, med unntak av to område som ligg utanfor territorialgrensa.
Ny havvernlov gir fleire moglegheiter
Den nye havvernlova trådde i kraft 1. januar 2026 og gjer det mogeleg å verne område til havs også utanfor territorialfarvatnet. Regjeringa arbeider med å identifisere nye kandidatområde for vern.
Desse områda blir verna
Kråkvåg og Bjugnfjorden ligg i Ørland kommune i Trøndelag og omfattar eit sjøareal på ca. 117,6 km2. Saman med kringliggande verneområde utgjer dette eit våtmarksområde i særklasse som er eit viktig næringssøkeområde for fugl og fisk.
Vedtakskart Kråkvåg og Bjugnfjorden.pdf
Krossfjorden ligg i kommunane Øygarden, Austevoll, Bjørnafjorden og Bergen, i Vestland fylke og omfattar eit areal på 192,6 km2. Området rommar mellom anna korallar og tareskog, som er viktig både som levestad for en rekke marine arter og for lagring av karbon.
Ytre Hardangerfjorden ligg i kommunane Tysnes, Stord, og Kvinnherad, i Vestland fylke, og verneområdet dekker eit sjøareal på 67,8 km2. Området er prega av ein stor undersjøisk morenerygg og sterk straum, som gir gode forhold for eit rikt og mangfaldig dyreliv. Området har fleire store korallrev, inkludert «Bukkarevet» som er det største dokumenterte korallrevet på Vestlandet.
Vedtakskart Ytre Hardangerfjorden.pdf
Dalsfjorden ligg i Sunnfjord, Fjaler og Askvoll kommune, i Vestland fylke. Størrelse på verneområdet utgjer 10,7 km2. Dalsfjorden er verna fordi det er ein særeigen, avskjerma og representativ fjord med viktig natur som korallar og anna.