Klima- og miljøminister Vidar Helgesen på toppmøte hos prinsen av Wales

– Store globale selskap i front for å stanse avskoging

I London signerte 23 globale selskap denne veka ei erklæring med løfte om å jobbe for avskogingsfrie forsyningskjeder og dermed hindre vidare øydelegging av store område med savanneskog i Brasil, den såkalla cerradoen.

Vidar Helgesen og prins Charles
Klima- og miljøminister Vidar Helgesen og Storbritannias prins Charles samarbeider om å redusere den globale avskoginga.

– Dette er svært verdfullt og svært interessant. Verdfullt, fordi savanneskogen har enorm innverknad på klima, på regn- og vèrforhold i heile Brasil, og på det unike mangfaldet av dyre- og planteartar. Interessant, fordi dette er nok eit døme på at næringslivet tek ansvar og viser veg i kampen for planeten og komande generasjonars levekår, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Blant selskapa som stiller seg bak lovnaden er Unilever og Nestlé, som begge omset enorme mengder forbruksvarer over hele verda. Andre selskap er den amerikanske giganten Walmart, IKEA, L'Oreal, McDonalds, dei britiske storkjedane Marks & Spencer og Tesco, den franske matvarekjeden Carrefour og – Norgesgruppen.

Prins Charles' organisasjon International Sustainability Unit var vertskap for møtet saman med toppleiaren i Unilever, Paul Polman. London-møtet handla om korleis næringsliv og styresmakter kan intensivere arbeidet mot avskoging både i Brasil og andre stader i verda. 

Ein gigantisk svamp

For å forstå kor viktig skogen er for klimaet kan vi sjå for oss ein gigantisk svamp som syg til seg og gøymer på klimagassane vi menneske produserer. Å redde dei tropiske regnskogane er difor eit svært viktig klimatiltak. Utan reduksjon og stans i avskoginga vil det vere uråd å nå måla i Parisavtalen og FNs bærekraftsmål. 

– Dei fleste tenkjer nok på Amazonas når vi snakkar om skogar i Brasil, men i tillegg har Brasil altså cerradoen, eller savanneskogen. Dette svære området er også et gigantisk karbonlager. Savanneskogen fangar CO2-utsleppa våre og hindrar dei i å nå atmosfæren på samme måte som regnskogen, forklarer Helgesen.

Brasils savanneskog er større enn England, Frankrike, Tyskland og Spania til saman, og har difor svært stor verdi både for det globale klimaet og som vassregulator for hele Brasil. Ifølgje initiativtakarane er desse grøderike områda heim for 1/20 av alle artar som finst i heile verda, blant anna 800 fugleartar og 11 000 planteartar. Nesten halvparten av desse planteartane finst berre i den brasilianske savanneskogen.

Cerrado
Dette er brasiliansk savanneskog, cerrado.

Redusert avskoging i Amazonas

Ein viktig årsak til at Brasil har lukkast med å redusere avskoginga i Amazonas kraftig dei siste 10 åra, er det såkalte soyamoratoriet som opprinneleg vart etablert i 2006. Moratoriet er rett og slett ein avtale mellom næringslivsaktørar, støtta av styresmakter og viktige organisasjonar som Greenpeace, der dei forpliktar seg til ikkje å selje eller kjøpe soya dersom denne er produsert på ein måte som øydelegg regnskogen.

– Soyamoratoriet er ein viktig årsak til at avskoginga i Amazonas har gått ned. No håpar eg at den nye erklæringa om avskogingsfrie forsyningskjeder vil hindre vidare øydeleggingar også i savanneskogen, og at presset frå kvegdrift og soyaproduksjon blir dempa. Dette vil være gjere det lettare for Brasil å oppnå landets ambisiøse klimamål, seier Vidar Helgesen.

Industriell soyaproduksjon i Brasil
Storstilt soyaproduksjon er ein viktig årsak til avskoging på den brasilianske savannen.

Smarte toppleiarar

At dei kommersielle selskapa no vil forplikte seg til innsats for avskogingsfrie forsyningskjeder betyr ikkje at dei vil slutte å handle råvarer frå desse områda, men at dei som produserer soya og kjøt må la være å fortrenge meir urørt og intakt vegetasjon. Dette kan gjerast ved å ta i bruk allereie avskoga og "ledig" land, samt å finne meir intensive jordbruksmetodar som gir større avlingar. Brasil har allereie vist at dette er mogleg. Landet har klart å auke jordbruksproduksjonen massivt samstundes som dei reduserte avskoginga i Amazonas.

–  Toppleiarane i desse selskapa er smarte, for dei har skjønt at dei har stor eigeninteresse i å ta sin del av ansvaret for klima og klode. Dette er også noko av det mest spanande som skjer på klimafeltet akkurat no: Store, kommersielle selskap byrjar for alvor å forstå at meir bærekraftige forsyningskjeder, produksjon og transport er heilt avgjerende for selskapa si eiga økonomiske lønsemd i framtida. Utan ein planet som fungerer og gir gode levekår for menneske, er det i grunnen svært lite som vil løne seg, avsluttar Vidar Helgesen.