E6 er stamvegen som knytt landet saman frå nord til sør. Strekninga på E6 mellom Moelv og Øyer er òg ein viktig del av utviklinga av hovudvegen frå Oslo til Nord-Vestlandet. Regionalt legg vegen til rette for bu- og arbeidsmarknaden, og for å bidra til vidare lokal utvikling.

Ein ny E6 forbi Lillehammer vil redusere talet på ulykker på vegen, auke framkomme for både gods- og persontransport, og betre regionens samfunnsikkerheit og beredskap. Det er viktig for Regjeringa å kome i gong med arbeid på denne vegen, seier Nygård.

Lågendeltaet

Regjeringa har forutsett fleire tiltak for at Nye Veier skal kunne fortsette bygginga av E6 gjennom Lågendeltaet. Desse tiltaka kjem i tillegg til tiltaka fastsett av Statsforvaltaren, og nedskaleringar Nye Veier allereie har fått til. 

Alle tiltaka vil ha positiv effekt for viktig naturmangfald, både innanfor og utanfor dagens vernegrense i Lågendeltaet. Derfor er det gode nyheiter at Nye Veier no inngår ein intensjonsavtale med entreprenør slik at ein kan byrja bygginga av dette prosjektet, seier samferdselsministeren.

Fakta: Dei andre partane har no ti dagar frå vedtaket til å be om ei utsetting av intensjonsavtalen mellom Nye Veier og AF Gruppen.