Vil endre kontantstøtta for eittåringane

Regjeringa føreslår å endre kontantstøtta slik at støtta blir vidareført for barn mellom 13 og 19 månader, medan kontantstøtta for barn mellom 20 og 23 månader blir avvikla. Dette inneber at alle eittåringar anten har rett på plass i barnehage eller kontantstøtte.

– Med denne løysinga vil småbarnsfamiliane framleis ha valfridom til å motta kontantstøtte og sjølv yte omsorg for dei yngste barna, og eventuelt utsetje barnehagestart nokre månader. Behovet for å kunne velje å vere heime er ofte større jo yngre barna er, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Endringa som regjeringa sender på høyring følgjer opp punktet i Hurdalsplattforma om å avvikle kontantstøtta for barn mellom 18 og 24 månader og innføre ei småbarnstøtte for dei som har søkt om, men ikkje fått, barnehageplass. Endringa inneber å halde fram med kontantstøtte for barn mellom 13 og 19 månader og ikkje å innføre ei småbarnsstøtte. Regjeringa vil i staden vidareføre kontantstøtta for familiar med dei yngste eittåringane.

– Regjeringas mål er at flest mogleg barn skal kunne gå i barnehage, og at økonomi ikkje skal vere eit hinder for deltaking. Derfor har vi senka barnehageprisen i to omgangar. At barn går i barnehage er bra for ungane og bra for familiane, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Småbarnstøtta var tenkt å vere ei ventestøtte for dei som har søkt om, men ikkje fått plass i barnehage. Regjeringa har kome fram til at det er enklare og meir føreseieleg for familiane å gjere endringar i kontantstøttelova enn å innføre ei småbarnsstøtte.

– Vi har funne ut at behovet for ei eiga småbarnsstøtte er lite, og at det vil verke meir komplisert enn naudsynt å innføre ei ny ordning. Derfor føreslår vi no å ikkje innføre ei småbarnsstøtte, men heller halde fram kontantstøtta ein månad ekstra. Det har vore eit mål for regjeringa å fremje ei enkel og ubyråkratisk løysing og som er lett å forstå og innrette seg etter for familiane, seier Toppe.

Ho viser til at ei kontantstøtteperiode frå 13 til 19 månader vil harmonere betre med rettane barna har til barnehage enn ei støtteperiode frå 13 til 18 månader. Løysinga regjeringa no føreslår sikrar at alle familiar vil anten ha krav på barnehageplass eller rett til kontantstøtte.

Les høyringa.

Fakta om kontantstøtta

  • I dag blir kontantstøtte ytt for barn mellom 1 og 2 år, frå og med den månaden barnet fyller 13 månader til og med den månaden barnet fyller 23 månader. Ein kan i dag maksimalt få kontantstøtte i 11 månader.
  • Kontantstøtte kan ytast til familiar med barn som ikkje nyttar barnehagetilbod på full tid. Frå 1. juli 2017 har det vore butidskrav i Norge på 5 år for å ha rett til å motta kontantstøtte for foreldre som har innvandra frå land utanfor EU/EØS.
  • Det var mangel på barnehageplassar då kontantstøtta blei innført. Sidan har det vore ei kraftig utbygging av barnehagesektoren, og kapasiteten i dag innfrir i stor grad etterspurnaden etter barnehageplassar.
  • I 2016 og 2017 blei retten til barnehage utvida, slik at også barn fødde i september, oktober eller november, har rett til plass innan utgangen av månaden dei fyller eitt år.
    Barn født i desember har fyrst rett til barnehageplass frå august det året dei fyller to år. Dei har dermed rett til plass frå dei er 20 månader gamle, og barn fødde i desember er dei barna som er eldst innan dei har rett på barnehageplass.