Vil endre lova for at Nav kan handsame sakene raskare
Pressemelding | Dato: 05.12.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa har i dag oppnemnd eit utval som skal revidere folketrygdlova. Det skal føreslå endringar for at lovverket til folketrygda skal bli enklare. Målet er mellom anna å få ned sakshandsamingstidene og at brukarane skal få betre hjelp frå Nav.
– Folketrygdlova er omfattande og komplisert, og Nav bruker store ressursar på å tolke regelverket. Derfor set vi no ned eit utval som skal gå gjennom lova og føreslå endringar. For å få eit Nav som gjer ein enda betre og meir effektiv jobb, treng vi eit lovverk som hjelper til og bidreg til at folk får riktige og raske vedtak, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Den no gjeldande folketrygdlova blei vedteken i 1997. Nå set regjeringa ned eit utval som skal revidere ho. Lagdommar Torunn Elise Kvisberg vil leie utvalet, som skal levere utredninga si innan 31. desember 2027. Utvalet har fått i oppdrag å kome med forslag til endringar i lovverket som skal gjere det enklare å forstå og meir tilpassa dei digitale løysingane som fins.
– Mykje av det Nav gjer fungerer bra, men mykje må bli betre. Ei viktig årsak til at sakshandsamingstidene på ein del område er for lange, er at lovverket i dag er komplisert. Det gjer at det heller ikkje er godt nok eigna for automatisering og digitalisering. Dette er negativt for det viktige arbeidet til Nav med å hjelpe folk som treng det. Regelverket må bli enklare, seier Stenseng.
Utvalet har fått omfattande oppgåver. Det skal utarbeide forslag til eit lovverk som i større grad oppfyller de følgjande måla:
- leggje til rette for masseforvaltning, digitalisering og heil-/delautomatisert sakshandsaming
- sikre god samanheng med reglane i den nye forvaltningslova
- sørgje for at forvaltningspraksis blir nedfelt i lov eller forskrift i den grad det er nødvendig eller hensiktsmessig
- forbetre og eventuelt forenkle strukturen i lovverket
- oppnå eit lovverk som er føremålstenleg utforma i lys av Noregs forpliktingar etter EØS-avtalen
- sikre eit føremålstenleg grensesnitt mellom lov og forskrift
- sikre klarspråk og eit godt lovspråk
Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil opprette ei referansegruppe som skal støtte utvalet med innspel.
– Dette er eit stort og viktig oppdrag. Folketrygdlova er ei svært viktig lov som vedkjem oss alle i ulike periodar i livet. Eg er glad for å ha fått høve til å leie dette lovarbeidet. Eg ser fram til å kome i gang med arbeidet i utvalet, seier utvalsleiar Kvisberg.
Utvalet har denne samansetninga:
- Lagdommar Torunn Elise Kvisberg, Lillehammer (leiar)
- Advokat Hilde Kristin Ellingsen, Oslo
- Instituttleiar Hanne Glemmestad, Gjøvik
- Seniorrådgjevar Marianne Hansen, Steigen
- Tingrettsdommar Daniel Løstegaard Olsen, Trondheim
- Regiondirektør Kristin Røymo, Tromsø
- Fastlege Aleksander Notto Sandnes, Kristiansand
- Avdelingsdirektør Arnulf Tverberg, Asker
- Adjunkt Johan Næser, Århus, Danmark