Vil gjere det enklare å ta vare på Marka

Frå 1. juli får markalova tydelegare reglar om saksbehandling, byggeforbod, tilretteleggingstiltak og motorferdsel.

Stortinget har etter forslag frå regjeringa vedtatt fleire endringar i markalova. Dette er den første større gjennomgangen av markalova sidan Stortinget vedtok lova i 2009.

- Vi vil gjere det enklare for kommunane å ta vare på naturen i Marka. Vi vil og gjere reglane i markalova enklare å forstå for grunneigarar og alle dei som brukar Marka. Byggeforbodet blir tydelegare og opnar for bagatellmessige byggetiltak utan søknad. Lova gir framleis godt vern mot nedbygging, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

I snart 16 år har byggeforbodet i markalova bidratt til at naturen og kulturmiljøet i Marka har blitt tatt ekstra godt vare på. Lova har lagt til rette for og fremja naturoppleving, friluftsliv og idrett. Samtidig viser erfaringane med lova at ho på fleire område er uklar og ufullstendig. Dette gjeld særleg reglane om saksbehandling, byggeforbod, kva byggetiltak kommunale planar kan opne for, tilretteleggingstiltak og motorferdsel. Stortinget har no retta desse manglane, og vedtatt reglar som skal gi betre samordning med plan- og bygningslova. Dei nye reglane gjeld frå 1. juli 2025.

- Marka er viktig for mange som brukar området til trening, å finne ro, jakte, fiske eller sanke bær og sopp. Eg er glad for at eit breitt fleirtal på Stortinget har slutta seg til forslaget og anerkjenner kva markalova betyr for folk. Ei tydelegare markalov som det er brei semje om sikrar god forvaltning av Marka for framtida, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Endringane i markalova gjer det mogleg å gi eit felles verneområdestyre forvaltingsmyndigheit for Østmarka nasjonalpark og Østmarka friluftslivsområde. Klima- og miljødepartementet har som mål at det eit felles verneområdestyre får forvaltningsmyndigheit for områda hausten 2025.