DMA skal styrke konkurransen i digitale marknader ved å hindre at store teknologiselskap favoriserer eigne tenester og løysingar på kostnad av mindre aktørar.

Forordninga vil gi bedrifter betre konkurransevilkår på internett i møte med dei globale tek-gigantane. Lova vil òg gi norske forbrukarar større valfridom i bruken av digitale tenester.

Store plattformer har i mange år hatt ein dominerande posisjon, noko som har gjort det krevjande for mindre aktørar å sleppe til i marknaden. Dei nye reglane vil opne for meir rettferdig konkurranse, styrke innovasjon og legge til rette for auka verdiskaping.

I høyringsnotatet foreslår Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet å gjennomføre DMA i norsk rett gjennom ei ny lov om digitale marknader. Forslaget omfattar også nasjonale reglar om mellom anna nasjonale undersøkingar av portvaktarar.

Ein portvaktar er eit stort teknologiselskap som EU-kommisjonen har peikt ut fordi det tilbyr ei sentral plattformteneste som fungerer som ein viktig inngangsport mellom næringsdrivande og sluttbrukarar, og som har ein sterk og varig posisjon i marknaden, eksempelvis Apple, Google etc.

Kva betyr DMA for norske bedrifter og forbrukarar?

  • Portvaktarane kan ikkje bruk data generert av bedrifta si aktivitet til portvaktaren sin plattform til å utkonkurrere bedrifta.
  • Bedrifta skal få tilgang til data generert av verksemda, inkludert brukaråtferd, på portvaktaren si plattform slik at verksemda skal kunne ta informerte avgjerder.
  • Portvaktarar skal behandle alle partnarar og seg sjølve likt, for å sikre at portvaktarar ikkje misbruker sin dominerande posisjon. Dette betyr til dømes at søkjemotorar ikkje kan vise sine eigne produkt eller tenester øvst i søkjeresultata medan dei skyv tilbodet frå konkurrentane nedover på lista. Appbutikkar kan ikkje vise sine eigne appar meir framståande enn appar frå konkurrentane.
  • Forbrukarar kan sjølv avgjere om portvaktarane skal ha lov til å bruke deira personlege data på tvers av plattformene deira. Til dømes om Google Maps skal ha lov til å foreslå adressa til restauranten du nettopp har søkt på Googles søkjemotor, eller om Facebook har lov til å vise deg innhald basert på kva du har klikka på og sett på Instagram.
  • Du skal få betre kontroll på dataa dine og få rett til å overføre eigne data frå ei plattform til ei anna.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet ber om høyringssvar innan 3. desember 2026.