– Når det offentlege kjøper inn saman, får vi betre avtalar, lågare kostnader og bruker mindre tid på administrasjon. Statens innkjøpssenter bidreg i dag til at statlege verksemder sparer om lag 400 millionar kroner per år på innkjøp. Med denne satsinga vil det offentlege spare endå meir, rundt 4,6 milliardar kroner. Dette er eit av dei beste tiltaka vi kan gjere for meir effektiv pengebruk, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Torgeir Micaelsen (Ap).

Satsinga som regjeringa no foreslår skal gi fleire felles innkjøpsavtalar frå Statens innkjøpssenter og Marknadsplassen for skytenester. Ein skal også finne nye områdar for samordning og fellesavtalar. Offentleg sektor kjøper varer og tenester for over 800 milliardar kroner kvart år, og det er eit stort potensial for fleire fellesavtalar.

Regjeringa styrker samstundes samarbeidet mellom stat og kommune på innkjøpsområdet. Kommunane kan no delta frivillig i avtalane, og dette er starten på ein meir strategisk innkjøpspolitikk.  

– I regjeringas plan for Noreg har vi som mål å fornye, forsterke og forbetre offentleg sektor. Ein betre og meir samordna innkjøpspolitikk, som gjer at også kommunane kan ta del i gevinsten, er eit viktig steg i riktig retning. Når vi brukar mindre på offentlege innkjøp, kan vi bruke meir på velferd til folk, seier Micaelsen.